søndag, august 28, 2016

Blåbærtid



Godt med ei lita pause av og til. Til tross for helgefri så er det alltid
mykje som bør gjerast, og som ligg og lurer bak i hovudet. Eller ting
ein har lyst til å få i gong til tross for at energi og tid ikkje alltid er til 
stades. Me har ei hytte, vel, heller ein campingvogn, som er god å
reise til av og til. Og på denne tida av året er det no ekstra fint. Når
sommaren glir sakte inn i hausten. 


Då er det ut på tur med bærplukkar, bøtte og litermål klar. 



Ikkje det altfor store blåbæråret i år. Eller kanskje det hadde vore
folk og fe før oss. Det gjekk nemleg både sauge og kyr der oppe så me
måtte leite godt. Det var uansett store gledeshyl for kvar molte me fann
og særs viktig å telle kvar enkelt. 


Niste må med på tur, og Busten får sleike reint. 


Svarte og blå blåbær? Til tross for at det berre er ein sort blåbær
så har desse ulike latinske og folkelege navn. Dei svarte heiter 
prestebær og var visst høgt på strå før i tida. Er nesten som dei smakar 
betre også. 


Det byrjar å haustast litt etter litt. Nokre få greiner på fjellbjørkene
har fått gule blad. Både koseleg og litt skummelt med dette, er ein vel 
både klar og ikkje klar for at hausten kjem på ny.




Fin fangst! Det vart "berre" ei bøtte med blåbær denne gong, men
så har eg no ein del blåbær i frysen frå i fjor også som skal etast opp. 
Og nok til ein god porsjon med moltekrem! 


Akk..rørte blåbær. Og straks ny veke!

onsdag, august 24, 2016

Kveldstid på Sæterbø



Dei minste kyllingane har rømt frå buret sitt ti gongar no, og
eg har gitt opp. Dei traskar ute i gras som er mange gongar
høgare enn dei, gode gøymeplassar og mange godsaker der. 


Eskeland ligg på austsida av Stord og får fine soloppgongar. Sæterbø
ligg på vestsida og får herlege solnedgongar. 


Tunet med fleire store driftsbygningar. Gamlaløe, grisefloren, redskapshus
og verkstad. 


Bakkane fekk endeleg andreslåtten etter veker med regn. Lukta av nyslått
gras i august når ein kjenner at hausten kjem snikande, det er godt det. 


Grisane likar seg ute i kveldssola. Me har fem utegrisar no, tre frå sist pulje og to
nye mindre grisar.



Åååå, det fantastiske lyset som kjem med kveldssola. Det er nok av
det finaste som finst.


Og dette bilete har det vore mange av i sommar. Flott solnedgong og 
to islandshanar på takfestet på blåbilen. Hane i solnedgong. 


I sommar har kveldsmørket kome så seint, men no når det kveldast tidlegare
kan me sjå lyset frå drivhuset der lyspærene med solcellepanel heng. Ikkje
mykje lys, men koseleg er det. Jammen er det frodig i drivhuset også,
så kanskje dei har likt dette nattelyset. 

Saft av solbærblad


Det var Marianne frå Toten som laga denne safta fyrst. Me fylgjer med
på kva han kreative Ernst Kirchsteiger driv med og dette er ein av
oppskriftene hans frå boka hans "Året med Ernst". Ein sommar, vel,
heller eit år, buande her og der har gjort at eg har ikkje fått gjort alt eg
ville som å plukke alt av bær, stelle i hagen osv. Og solbæra fekk eg 
berre nytt litt av før fuglane tok dei. Men blada heng no att og sist
veke var eg ein tur til gamlahuset og hadde meg ein runde der. 
Plukka inn resten av ripsa som låg under bærnett, plukka inn solbærblad
og ein fin bukett av værhane.


For å lage solbærbladsaft treng du noko av det same som når ein lagar
hylleblomsaft: sukker, vatn, sitron og god tid. Jo tidlegare du plukkar blada
jo meir solbærsmak vil du få på safta mistenker eg. Mi saft fekk ein lett
smak av solbær, elles ein fruktig smak, syrlig og søtt. Blanda i lag med
kolsyrevatn vart dette ein skikkeleg god drink, ein seinsommardrink. 
Har du blad på busken enda? Så ut og plukk og prøv dette!


SOLBÆRBLADSAFT

ca 1 liter solbærblad
1 liter vatn
opptil 1 kg sukker
30 g sitronsyre
2 sitronar

Skyll gjerne lett av blada. Ha blad og sitronskiver oppi ei stor bolle
eller eit stort glas. Kok opp vatn, sukker og sitronsyre og kjøl ned før
du hell over blada. Dekk til og set dette kaldt. Det skal stå i heile fem
dagar før du siler av og har på flasker/glas. Skal du lagre denne safta
er det nok best å fryse den ned. Og så kan ein ta opp litt sommarkjensle
seinhaustes også. 

lørdag, august 20, 2016

Siste loppisskattar


Går ein på loppemarknad eller bruktbutikk ein gong i året, så kan ein
ikkje rekne med å finne noko alltid. Eg trur eg per i dag kan rekne meg
som ein real loppisjegar, vel ikkje på det høgaste nivået då, men kanskje
sånn midt på treet i loppisbusinessen. I kvinnherad der eg jobbar prøver
eg å stikke innom bruktbutikken, den kjekkaste av dei alle, ein gong i veka. 
I Bergen er eg av og til, då stikk eg innom ein Fretex. Er eg på Heiane på Stord
så stikk eg gjerne innom Gjenbruken der, om eg føler for det. Og skal me på 
"hytta", altså i campingvogna så stikk eg gjerne innom Bruktløa i Førde. 
Og så vert det kanskje loppisturar ein gong i blant. I går stakk eg innom
ein butikk og kom tilfeldigvis over seks Figgjo Flint-tallerknar. Dei var prisa
billeg pga slitasje og nokre små skår. Det bryr ikkje eg meg om og eg kjende
lukkerusen stige i kroppen. Eg har serveringsfat i både Blå Sissel (det i midten)
og i det grøne servise frå før av. Så dette var stas! Eg er ikkje så oppteke av
å ha fullt ut av eit servise, eg kosar meg med forskjellige tallerknar som sprer
litt farge og glede i ein kvardag. Attåt mummikoppar då, som eg dessverre
aldri har funne brukt, men det skjer vel det også ein gong. 


Desse her kom eg over hin dagen. Trur det må vere drinkskeier frå
sekstitalet kanskje. Dei låg ein fin liten boks. Eg berre diggar at dei har 
forskjellige fargar.


Fredag kveld fekk eg kome på besøk til ein kar her på Fitjar. Slikt er 
kjekt med å flytte til ein ny plass, til ei bygd. Er mykje lettare å kome
i kontakt med folk her og dei er varme og fine. Han her karen hadde
ei stor samling med bøker og anna etter faren, og turen var berre for å
kikke på alt det han hadde samla opp. Det var eit skikkeleg snodig og herleg
besøk, aldri har eg sett så mykje bøker stilt opp, til og med i eit gammalt
kjøleskap og ein gammal steikeovn. Og mykje finurlege ting som var samla;
klokker, verktøy, bilete, lampar. Denne gamle arbeidslampen fekk
eg med meg, den er heilt nydeleg. Med porselenssokkel og ei snodig klype
til å feste den med. 


Den fekk seg ei lyspære og gjekk rett i arbeid over kjøkenhylla. 
Elles har eg vore så heldig å fått tak i ein del gamle lampar
frå ein onkel som ville kvitte seg med dei. Gamle lyskuplar til
å ha i taket. Det prosjektet har eg ikkje starta opp med enda, godt å ha
noko som ventar på ein også.


Og så eit lite blikk inni stova vår her. Eg har førebels ingen møblar her,
men ein del ting har eg henta for å gjere det litt "meg" her. Blant anna kartet
som eg arva frå far. Sverre har eit skråskap som han har arva og i taket
over spisebordet heng ein lampe eg laga av ei mjølkesil eg fann på stabburet
oppe på Sæterbø. Mjølkesillampe har eg laga før, det vert herlege lampar
det. På bordet står mine malte tinnlysestakar og strør rundt seg 
med litt god farge. Og kveldssola skapar heilt si eige atmosfære. Så syns
det vart ganske koseleg dette bilete egentleg. 

Den beste isen


Etter at eg kjøpte ismaskin i vår har det blitt mange liter med is kan
du sei. Og ei tid var eg ganske lei også. Men det gjekk heldigvis
over og eg har ei trong til å stadig prøve ut og forbetre
det eg lagar. I alle fall av is og brød. I dag laga eg ny porsjon
med pistasjis etter eige oppskrift, og eg skreiv ned oppskrifta
slik at om den vart bra så hadde eg måla. Og denne vart veldig bra!
Rett og slett utruleg god, mykje pistasjsmak, ikkje for søt og 
passeleg fyldig. 



Og her kjem oppskrifta!

7,5 dl kremfløyte
7,5 dl heilmjølk
1,5 dl vatn
1,5 dl sukker
12 eggeplommer
200 g sukker
300 g pistasjnøtter

Lag sukkerlake av vatn og 1,5 dl sukker i ei lita panne. Ha oppi
pistasjnøttene og la dei mjukne der, gjerne dagen før. Kjør så nøtter
og sukkerlake i ein blender/foodprocessor til ei jevn masse. 
Varm opp mjølk og fløyte til kokepunktet og ta så av plata. 
Visp egg og sukker luftig og hell så litt og litt av mjølkeblandinga
over eggedosisen. Når det er litt av mjølkeblandinga att så blandar
du i nøttemassen. Ha så dette i eggedosisen. No er det valfritt om ein
vil varme forsiktig opp dette att, men eg pleier faktisk å la røra 
kjølne før eg nyttar ismaskin. Om du ikkje har ismaskin så 
hell røra i ein beholdar med lok og rør innimellom i den under
nedfrysinga. 

Dette vart nok nesten 3 liter is så ein kan fint halvere oppskrifta.
Eg kjøpte meg pistasjnøtter i ein stor pakke i vår til akkurat å lage
den beste pistasjisoppskrifta. Og så kjøper eg gjerne fløyte billeg
når den går ut på dato. Ikkje så dumt det! 


Som de ser, pistasjisen er ikkje akkurat grøn. Men slik vert den
med reine råvarer. Eg skal love at det ikkje akkurat er pistasjnøtter
i den ein får kjøpt i butikken, men smakstilsetningar og mykje fargestoff. 
Det er derfor det er så kjekt å kunne lage is sjølv, då bestemmer ein
kva ein puttar i seg! 


torsdag, august 18, 2016

Ein real skatt!



På Fitjarfestivalen i år var det ikkje berre ei bruktbod, men to. Den
eine har eg handla i før, den andre var ny for året. Ein mann,
busett i Finnmark til vanleg, hadde henta med seg forskjellige
ting som faren hans hadde samla opp gjennom åra. Blant
anna denne lampen. Den kosta meg 300 kr og eg ante ikkje
om den ville fungere ein gong. Men av og til ser ein noko som
ein berre må ha, og om ikkje kjem ein til å angre seg lenge. 
Kulare lampe har eg aldri sett trur eg, og eg er jo ganske
så lampeglad av meg. Ledning måtte skiftast, ny brytår på,
lampesokkelen var øydelagt og måtte loddast av grisebonden
min. Og så til slutt var kunsten i å sette ny lyspære i, som
sikkert var grunnen til at den var øydelagt inni. For det var rett
og slett heilt umuleg! Grisebonden lirka og lurte og
eg ville ta over for å vise at eg fekk det til, men akk nei. 
Løysinga var å kjøpe små lyspærer som skal vere inne i 
steikeovnen! Det gjekk, og så fekk me sjå lampen i aksjon.
Herleg! Småskummel på kvelden denne her tenker eg,
for nokon i alle fall. Eg syns det er råkul! Så var det å finne
ein fin plass til den, der den ikkje blir gløymd vekk. Ein slik lampe
må nemleg få lyse og vise seg frå si beste side! 
Ha ein god ugletorsdag! 

søndag, august 14, 2016

Teiebær



Eg var ute på min daglege tur med Buster då eg plutseleg la
merke til noko raudt som lyste mot meg. Det såg nesten ut som rips
eller forvokste raude molter. Og blada passa ikkje til å vere molteblad
så eg blei særs nysgjerrig. Takka vere google fann eg namnet: 
teiebær eller tågebær! Skal visst finnast over heile landet men er 
relativt sjelden i sørlege Noreg. Eg fekk høyre at bæra var 
meir vanlege å ha plukka på tur i nordlege strøk. 


Det var faktisk litt å plukke der eg fann dei og eg fekk med meg 
litt heim i ein pose. Bæra er ganske sure og har ein stor stein i seg,
men attåt litt sukker vart dei veldig gode! Kjekt å prøve! 
Andre som har erfaring med desse? 

Fitjar Gardsmat


Han grisebonden min har i år starta opp firmaet Fitjar Gardsmat
med angusbonde Oddvar de Fine og Margaret Tislevoll. 
Per i dag sel dei kjøt frå angus og svin og denne helga
braka det laus på Fitjarfestivalen med bod. 
Me var ein gjeng som sto i boden og traff på mange interesserte
og nysgjerrige kundar. Det er veldig kjekt at folk byrjar å få
augo opp for kvalitetskjøt. 


Sverre og Oddvar poserer fint med ein pakke med Fitjarpølso. 
Fitjarpølso er ei pølse som vart utvikla til Fitjarfestivalen som går
føre seg kvart år på Fitjar. Til no har ein berre fått kjøpt dei varme, 
men i år kan ein kjøpe dei med seg heim også. Desse inneheld
både angus og gris frå både Sverre og Oddvar i tillegg
til noko krydder og ramslauk frå Fitjar. 



Frysane var fulle av alt av kjøtprodukt; kjøtdeig, anguspølser, Fitjarpølso,
biffar, grytekjøt, burgarar og anna. 


Svinekotelett av utegåande gris, saftig og gode. 


Og den særs saftige angusburgeren. Smaken av reint kjøt!
Jommen har eg blitt bortskjemd på godt kjøt i løpet av denne
sommaren! Om du er nysgjerrig på Fitjar gardsmat så er dei
facebook. Og nok reklame for denne gong, men livet er
for kort til å ete på billeg og tørt kjøt! 

Eit hobbyrom tek form


Ferdig resultat! Minus golvlister som kjem på i etterkant. 


Rommet hadde tidlegare både vore kontor og soverom. 
Med mørkt takpanel på skråtaket, gulna lister rundt vindauget
og dør samt ein hudfarga malertapet på veggen så freista 
ikkje dette rommet å flytte inn ting og tang i. Så eg heiv meg
rundt og fekk sett i gong. 


Ein del av tapeten var riven  og holete og eg kunne
berre rive ned ein stor bit. Eg hadde nemleg alternativet
klart men det kjendes no litt dramatisk ut allikevel. 


Veggane og lister fekk seg grunning og listene
og karmar fekk Lady kvitmaling i fargen bomull, som
eg har nytta mykje. Veggane fekk fargen lysblå,
med litt turkis i seg, som eg blanda saman sjølv. 
Det er knallkjekt å blande seg fram til farge sjølv
og så er det greit å nytte malingsrestar som ein allereie
har.


Og så var det dette gøyale då. Fiskeplakaten min som eg
har hatt nokre år vart rett og slett limt på veggen. 
Det same med fine ark frå to florabøker eg har spart
opp til dette: Nyttevekster i farger (1957) og Planter i
folkemedisinen (1976). Akkurat her hadde eg ingen
system i det heile, eg limte opp ark eg hadde klar. Nederst
vart det ark med skrift og enkle strekteikningar. Det treng
ikkje alltid vere perfekt, men det er kjekt når det er litt leikent
og heimalaga! 


Arka vart limt på med ei blanding av trelim og vatn samt
at dei fekk eit strøk lakk over seg etterpå for å halde seg betre
og å få lett glans. 



Og er det noko eg lurer på så er det berre å gå inn på kontoret 
og leite etter blomar eller planter!