lørdag, august 20, 2016

Den beste isen


Etter at eg kjøpte ismaskin i vår har det blitt mange liter med is kan
du sei. Og ei tid var eg ganske lei også. Men det gjekk heldigvis
over og eg har ei trong til å stadig prøve ut og forbetre
det eg lagar. I alle fall av is og brød. I dag laga eg ny porsjon
med pistasjis etter eige oppskrift, og eg skreiv ned oppskrifta
slik at om den vart bra så hadde eg måla. Og denne vart veldig bra!
Rett og slett utruleg god, mykje pistasjsmak, ikkje for søt og 
passeleg fyldig. 



Og her kjem oppskrifta!

7,5 dl kremfløyte
7,5 dl heilmjølk
1,5 dl vatn
1,5 dl sukker
12 eggeplommer
200 g sukker
300 g pistasjnøtter

Lag sukkerlake av vatn og 1,5 dl sukker i ei lita panne. Ha oppi
pistasjnøttene og la dei mjukne der, gjerne dagen før. Kjør så nøtter
og sukkerlake i ein blender/foodprocessor til ei jevn masse. 
Varm opp mjølk og fløyte til kokepunktet og ta så av plata. 
Visp egg og sukker luftig og hell så litt og litt av mjølkeblandinga
over eggedosisen. Når det er litt av mjølkeblandinga att så blandar
du i nøttemassen. Ha så dette i eggedosisen. No er det valfritt om ein
vil varme forsiktig opp dette att, men eg pleier faktisk å la røra 
kjølne før eg nyttar ismaskin. Om du ikkje har ismaskin så 
hell røra i ein beholdar med lok og rør innimellom i den under
nedfrysinga. 

Dette vart nok nesten 3 liter is så ein kan fint halvere oppskrifta.
Eg kjøpte meg pistasjnøtter i ein stor pakke i vår til akkurat å lage
den beste pistasjisoppskrifta. Og så kjøper eg gjerne fløyte billeg
når den går ut på dato. Ikkje så dumt det! 


Som de ser, pistasjisen er ikkje akkurat grøn. Men slik vert den
med reine råvarer. Eg skal love at det ikkje akkurat er pistasjnøtter
i den ein får kjøpt i butikken, men smakstilsetningar og mykje fargestoff. 
Det er derfor det er så kjekt å kunne lage is sjølv, då bestemmer ein
kva ein puttar i seg! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!