søndag, august 07, 2016

Dyra mine!


Vel, dei er vel ikkje mine alle saman då, men dei er på
garden her og strålande fine! 
Jau, her har eg store og tunge oksen i nakken! Eg
turte ikkje å sitte slik så lenge, ein veit jo aldri med desse
her oksane. Grisebonden held dei litt på avstand og 
dei er ikkje kosete av seg desse her og slik må det vere. 
Men då er det ekstra kjekt når ein har dei litt i nærleiken!



Busteren må i arbeid nesten kvar kveld då eg køyrer bort til utegrisane
med fôr og gjerne noko restar og brød. Han syns det er litt gøy med
denne køyringa og poserer gjerne fint etterpå!


Islandshanane mine har nesten heile tida levd ute. Her ute var det ikkje
naturleg for dei å gå i hus på kvelden. Til tross for at me har bært dei
inn på kveldane ei stund så lærer dei det ikkje. Til vanleg sit dei no
på "vaglet" sitt, altså takfestet på blåbilen min. Bilen min er ikkje akkurat
ny og flott så det er heilt greit sjølv om dei skrapar og skit på han. 
Her sto traktoren parkert nokre kveldar og då var det enda betre
alternativ til nattekvilen. 


Angus i sommarsol, den sjeldne sommarsola som stikk innom ein
gong i blant, då må kameraet fram!


Og Frensur i sommarsol og i fjøsdrakt. Klar til å hjelpe til. 


Det har regna i bøtter og spann og dei som er glade for det
er både ender og grisar. Eit kjent syn i regnet er endene som
vandrar eller står rett opp og ned, mens dei andre dyra har søkt ly.
Vasspyttar er gode badebasseng etter ei byge!


Grisane vassar i gjørme og storkosar seg!



Kyllingane mine ser jammen meg ut til å bli høner begge to, bank
i bordet! Dei er ikkje lenger i bur og får jammen meg gå med mor
si enda. Det er ei god høne det! Den eine kyllingen er ravnsvart frå topp
til tå, det har me ikkje sett hos islandshøns før så det er litt spennande. 


Og så har me ni mindre kyllingar avla fram med rugemaskin. Dei går i 
utebur men har her lurt seg ut alle ihop. Fine fargar og mønster som
nesten går i eitt med naturen. Og berre å krysse fingrane for at det vert
fleire høner enn hanar her også! Som regel vert det omvendt. 


Fin-fine ender kosar seg på Sæterbø!


Og pusen har funne seg godt til rette i huset. Frensur har faktisk budd
her sidan ein gong i vår då eg ikkje tok han med meg heim etter
eit helgebesøk. 

6 kommentarer:

  1. Må bærre sei det at du har kommet heilt på rett plass og hylle.Vi treng fleire drifte bondedamer som dæ. Hærlig å lese hvordan du kommer deg inn i nye hus ogpå gården. Dette tror jeg går helt bra:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt du har trua Brit! Eg har nok trua eg også! ;-)

      Slett
  2. Snakk om mangfold! Og den FK-dressen er ikke kjøpt bare for å posere i, det ser man. (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, nei den er ofte i i bruk, utanom dei dagane eg "gløymer" å ta den på og blir skikkeleg skitten! ;-)

      Slett
  3. Flott bilde av deg og stutakalven, men smart å ha respekt for en hormonell stut ;-) Det gikk stutakalvar på beite her inne i fjorden da eg var lita, me måtte passere de på vei fra sjøen og opp til Kleiva og det var ei mara. De stampa i jorda, prusta og løp etter oss. Me var livredde :-/

    Kjekt å lese at du finn deg så godt til rette med bonden og nye hus og alle dyra. De er heldige!

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, dei kan vere skumle desse. Har hatt nokre turar på Eskeland i nedoverbakke med kyrne bak meg, dei storkosa seg men eg visste at dei kanskje ikkje klarte å stoppe om eg stoppa! Ein bør vel alltid vere litt på vakt ja!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!