torsdag, august 18, 2016

Ein real skatt!



På Fitjarfestivalen i år var det ikkje berre ei bruktbod, men to. Den
eine har eg handla i før, den andre var ny for året. Ein mann,
busett i Finnmark til vanleg, hadde henta med seg forskjellige
ting som faren hans hadde samla opp gjennom åra. Blant
anna denne lampen. Den kosta meg 300 kr og eg ante ikkje
om den ville fungere ein gong. Men av og til ser ein noko som
ein berre må ha, og om ikkje kjem ein til å angre seg lenge. 
Kulare lampe har eg aldri sett trur eg, og eg er jo ganske
så lampeglad av meg. Ledning måtte skiftast, ny brytår på,
lampesokkelen var øydelagt og måtte loddast av grisebonden
min. Og så til slutt var kunsten i å sette ny lyspære i, som
sikkert var grunnen til at den var øydelagt inni. For det var rett
og slett heilt umuleg! Grisebonden lirka og lurte og
eg ville ta over for å vise at eg fekk det til, men akk nei. 
Løysinga var å kjøpe små lyspærer som skal vere inne i 
steikeovnen! Det gjekk, og så fekk me sjå lampen i aksjon.
Herleg! Småskummel på kvelden denne her tenker eg,
for nokon i alle fall. Eg syns det er råkul! Så var det å finne
ein fin plass til den, der den ikkje blir gløymd vekk. Ein slik lampe
må nemleg få lyse og vise seg frå si beste side! 
Ha ein god ugletorsdag! 

4 kommentarer:

  1. Utrolig kul! Og skikkelig skummel med lys i. Synd du ikke fikk inn igjen den blafrepæra som sto i, DA hadde den vært enda skumlere tenker jeg 8-)

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Kul pære ja, men trur eg hadde vore litt skeptisk til å ha den i, nesten så at eg innbiller meg auka brannfare med den i, haha.

      Slett
  2. STILEG! Hadde dei fleire på lager?

    :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dessverre! Men kanskje ein kan kome over ein slik på antikvitetsbutikkar rundt om, har i alle fall sett nokre få av dei på instagram!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!