torsdag, august 04, 2016

Hus og heim og kjensler og kjærleik




Eg har jo skrive så mykje om huset i vår, skal det kome enda eit innlegg?
Og ja, de skjønar nok kva det handlar om også. Men i min eigen prosess så
føler eg for å skrive det, svart på kvitt: no bur eg ikkje lenger i gamlahuset.


Eg gjekk litt mot strømmen då eg flytta heim åleine og flytta
inn i dette gamle huset. Og på jakt og med ønske om ein mann
så tenkte eg jo gjerne at denne framtidige mannen
 måtte no fint flytte til meg, for her skulle eg leva og bu! 


Men, som kjent traff eg ein bonde, ein bonde med stor, stor 
gard, til og med grisar. Ikkje flyttbar altså. Og allereie
då me starta denne deitinga så byrja ting å jobbe innvendig
hos meg. Og allereie då naboar hadde observert denne bonden
så fekk eg spørsmåla og dei har berre fortsett; 
"Skal du flytte til Fitjar no?", "Har du ikkje 
flytta?", "Kor tid skal du flytte då?", "Blir det hytte på Eskeland no?","Nei, du 
kjem no ikkje til å flytte du, du er altfor knytta til gamlahuset og Eskeland du", 
"Du kan no ikkje flytte til Fitjar du vel, det går ikkje?",
"Er du berre heime på visitt no kanskje?". Det er fine naboar då og det er no 
trist at dei no berre er hyttenaboar då, men so er det blitt. 


Det å flytte frå eit hus til eit anna er kanskje ikkje så stor sak for andre, 
verre ting kan skje i livet liksom, men for meg har det vore magerystande.
 Endeleg hadde eg fått kome heim til der eg høyrte heime og så måtte eg 
ta valet om å reise att. Huset til Sverre er ikkje meir enn 15 år og er godt og varmt
om vinteren, har to bad og kjølerom og veranda, garden er stor og fin og 
har også gamle røter MEN det kjem aldri til å bli kjensla av gamlahuset eller av garden
på Eskeland som eg føler eg kjenner ut og inn. I prosessen her har eg budd
meg inn litt etter litt, opplevd kveldar og stunder med samhald og
kjærleik og sjølvsagt byrja med å gjere det litt Ingvildsk. 
Og det har blitt nokre tårer, ja, ei følsom jente er eg no, det skal eg ikkje
skamme meg over. Og ved eit tidspunkt i sommar følte eg meg midt i mellom:
huset på Eskeland kjendes ikkje ut som heimen min lenger og huset på Sæterbø
 var eit stort oppussingsrot. Og då tok eg valet; då bestemmer eg meg,
eg henter resten av mummikoppane og flyttar. 


Alt er ikkje flytta ut til Sæterbø enda og tårene bankar på 
innimellom enda. Akkurat no kjennes det fjernt ut å skulle bruke
gamlahuset som berre ei hytte, ein halvtimes køyretur frå Sæterbø. 
Men så er det fint å vere to, av og til fleire, eige ein drøss med 
dyr i lag, drikke morgonkaffi i lag og alltid ha ein kar i huset
som vert glad for min siste bakst. Og å sleppe den fartinga fram og tilbake 
og måtte ha telefonforhold i vekedagane. Og kjøkenet her har fått
seg ein runde gladfarge og eit hobbyrom har eg no som prosjekt
til å fylle alt mine kjekke ting og prosjekt med. Og så har me planar
i lag på ting me skal gjere både inne og ute. Og eg ser for meg
at når eg vil ha litt skikkeleg åleinetid så tek eg bilen til 
gamlahuset, huset står der og berre ventar på det. 
Det var kveldens tankar om hus og heim og kjensler og kjærleik. 

6 kommentarer:

  1. Å, dette var det lett å leve seg inn i. Men det er jo ikke alltid at Drømmemannen lar seg flytte til Drømmehuset, og da må man ta noen valg. Fordelen med dette er jo at du får tidenes herligste hytte! (",) Jeg ønsker deg lykke til i Fitjar, og gleder meg til å følgde deg videre uansett hvor du bor.

    SvarSlett
  2. Du gjør alt med kjærlighet og inderlighet

    Klem fra meg

    SvarSlett
  3. Takk til alle tre!! Og enda fleire som har kommentert innlegget mitt. Det varmar eit husvarmt hjarte!

    SvarSlett
  4. For noen flotte dyrebilder du tar!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Bjørg! Kjekt å høyre!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!