lørdag, august 20, 2016

Siste loppisskattar


Går ein på loppemarknad eller bruktbutikk ein gong i året, så kan ein
ikkje rekne med å finne noko alltid. Eg trur eg per i dag kan rekne meg
som ein real loppisjegar, vel ikkje på det høgaste nivået då, men kanskje
sånn midt på treet i loppisbusinessen. I kvinnherad der eg jobbar prøver
eg å stikke innom bruktbutikken, den kjekkaste av dei alle, ein gong i veka. 
I Bergen er eg av og til, då stikk eg innom ein Fretex. Er eg på Heiane på Stord
så stikk eg gjerne innom Gjenbruken der, om eg føler for det. Og skal me på 
"hytta", altså i campingvogna så stikk eg gjerne innom Bruktløa i Førde. 
Og så vert det kanskje loppisturar ein gong i blant. I går stakk eg innom
ein butikk og kom tilfeldigvis over seks Figgjo Flint-tallerknar. Dei var prisa
billeg pga slitasje og nokre små skår. Det bryr ikkje eg meg om og eg kjende
lukkerusen stige i kroppen. Eg har serveringsfat i både Blå Sissel (det i midten)
og i det grøne servise frå før av. Så dette var stas! Eg er ikkje så oppteke av
å ha fullt ut av eit servise, eg kosar meg med forskjellige tallerknar som sprer
litt farge og glede i ein kvardag. Attåt mummikoppar då, som eg dessverre
aldri har funne brukt, men det skjer vel det også ein gong. 


Desse her kom eg over hin dagen. Trur det må vere drinkskeier frå
sekstitalet kanskje. Dei låg ein fin liten boks. Eg berre diggar at dei har 
forskjellige fargar.


Fredag kveld fekk eg kome på besøk til ein kar her på Fitjar. Slikt er 
kjekt med å flytte til ein ny plass, til ei bygd. Er mykje lettare å kome
i kontakt med folk her og dei er varme og fine. Han her karen hadde
ei stor samling med bøker og anna etter faren, og turen var berre for å
kikke på alt det han hadde samla opp. Det var eit skikkeleg snodig og herleg
besøk, aldri har eg sett så mykje bøker stilt opp, til og med i eit gammalt
kjøleskap og ein gammal steikeovn. Og mykje finurlege ting som var samla;
klokker, verktøy, bilete, lampar. Denne gamle arbeidslampen fekk
eg med meg, den er heilt nydeleg. Med porselenssokkel og ei snodig klype
til å feste den med. 


Den fekk seg ei lyspære og gjekk rett i arbeid over kjøkenhylla. 
Elles har eg vore så heldig å fått tak i ein del gamle lampar
frå ein onkel som ville kvitte seg med dei. Gamle lyskuplar til
å ha i taket. Det prosjektet har eg ikkje starta opp med enda, godt å ha
noko som ventar på ein også.


Og så eit lite blikk inni stova vår her. Eg har førebels ingen møblar her,
men ein del ting har eg henta for å gjere det litt "meg" her. Blant anna kartet
som eg arva frå far. Sverre har eit skråskap som han har arva og i taket
over spisebordet heng ein lampe eg laga av ei mjølkesil eg fann på stabburet
oppe på Sæterbø. Mjølkesillampe har eg laga før, det vert herlege lampar
det. På bordet står mine malte tinnlysestakar og strør rundt seg 
med litt god farge. Og kveldssola skapar heilt si eige atmosfære. Så syns
det vart ganske koseleg dette bilete egentleg. 

1 kommentar:

  1. Dette fikk meg til å glede meg til den loppisen jeg skal på nå på lørdag. (",) Artig når man finner noe som man liker skikkelig godt, eller som bringer fram minner. De drinkskjeene hadde ikke jeg heller klart å gå forbi!

    Den lampefeste-anordninga har faktisk IKEA kopiert. Vi skrudde opp ei helt ny leselampe her nå nylig, som jeg ikke husker navnet på. Den har ei sånn klipe, i tillegg til "strykejernsledning". Artig.

    Det hjørneskapet var veldig fint, og helt passende sammen med det du har henta "hjemmefra". Blir bra sammen, dette!

    Er litt treg for tida,men du stilte meg et "badespørsmål" på bloggen, her er endelig svaret: Det er bare helt vanlig trepanel, men jeg grunna det på begge sider. I tillegg er det jo ikke lister nede mot belegget, panelet avsluttes bare i en bestemt høyde over golvet. Enden er skråskjært, sånn at evt kondens ikke skal trenge inn i fibrene. I tillegg blei endene metta med flere lag maling sånn at de skulle være tette for vann.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!