søndag, august 07, 2016

Siste maleprosjekt



Etter ferdig oppussing så pleier eg som regel å fortsette ei lita stund, før
eg vert drittlei og ikkje tek fram malinga på fleire månader. Kanskje er det
annleis denne gongen, her er i Sæterbøheimen er det ein del eg gjerne skulle ha 
malt som lister og dørkarmar og anna. Så tida vil vise om eg puslar på 
vidare. Etter å ha byrja på jobb att etter sommarferie så er ikkje energien 
på fullt på kveldstid heller, tilbake til kvardagen kan vere hardt det! 
Men her er nokre prosjekt som no er ferdige.  Øverst er tallerkenhylla, noko
alle skulle ha ei stund. Eg fann ei her i kjellaren og no fekk den bli gul med
bengalakk sjølvsagt. Og fekk nokre småstygge og hakkete isolatorar som
krokar. Ein må jo bruke dei også!


Eg malte også ein av krakkane i huset, den diggar eg! Den vart liksom
heilt annleis med kvitt sete enn å bli heilt gul. Den er rett og slett
som snop for mine auge. Hattehylla på sida var den eg kjøpte i Sverige
på ein loppis, fekk teke av opphenget på den og mala den gul.
Den skal få kome i arbeid etterkvart, det gler eg meg til!
Kjøkenet er nemleg ikkje ferdig heilt, til hausten kjem det seg nok
enda meir der inne. 


Neste prosjekt. Med snakk om flytting så vart me ikkje heilt
einige om stovebord. Grisebonden sitt kraftige furubord som var
godt slitt og mitt vesle fine stovebord som var for lite for han. 
Ei løysing, om så til me eventuelt finn noko betre, fann eg i 
kjellaren. Dette olja teakbordet har også sett sine betre dagar, men
det hadde ikkje stygge hakk i seg. Så bort på verkstaden med det
der det fekk sin tålmodige fornying. 


Ganske mørkt og tungt frå før av.


Skikkeleg vask, nedpussing og grunning må til for ein godt resultat.
Litt liming måtte også til for å få det stødig og bra.


Understellet fekk seg blå golvmaling frå stovegolvet heime og 
bordplata fekk seg kvitmaling frå kjøkengolvet heime. Greit å 
kunne bruke maling som ein har ståande! Og golvmaling
vert forhåpentlegvis slitesterk. Bordplata fekk mange strøk maling
og god herdetid etterpå og vart glansfull og glatt å stryke på. 
Og under har golvteppet mitt også kome på plass. 


Om du ser bak sofaen så ser du noko som eg gjerne skulle ha gjort noko med, avrive tapet på
stoveveggen. Men noko får ein lukke augo for ei stund i alle fall!


Og siste prosjekt. De som har meg på instagram har sett dette for ei stund sidan.
Eit gammalt teppe/rye som eg har hatt liggande i gamlahuset. Med
tape og restemaling i form av bengalakk så vart det ganske så kult!
Etterpå hang det lenge ute til lufting. I fjor mala eg ei dørmatte og 
etter dette prosjektet ga det enda meir meirsmak!

2 kommentarer:

  1. Jeg skjønner godt at du liker den gulfargen, den sitter godt i øyet. Likte både krakken og bordet med sine to farger, håper at bordplata fikk ei slitesterk overflate, Dersom det fungerer vurderer jeg golvmaling på kjøkkenbordet neste gang... Og isolatorene var rett og slett prikken over i-en på tallerkenhylla.

    SvarSlett
  2. Førebels ser det lovande ut med bordet! Den skin godt og tåler kvardagsbruk! Har ikkje fått noko røff behandling enda, men det skal vel heller ikkje eit stovebord få, om ein ikkje får rare innfall som eg no kanskje kan få då, med alle mine prosjekt;-)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!