torsdag, september 08, 2016

Eit forlatt hus / ei god hytte



Ein tur heim til gamlahuset. Ja, eg kallar det heim enda, det er 
framleis det som er heim for meg. Det er framleis rart å kome heim.
Det er sjølvsagt fint, det er godt å sjå gamlahuset lyse opp i terrenget,
å sjå saugene beite rundt om, å gå ut av bilen og høyre ingenting. 
Ja, det er faktisk slik at det ikkje har vore ein lyd å høyre dei gongane
eg har vore heimom. Det er som at stillheita sjølv bur på Eskeland. 
Og for meg, som gjerne tek turen for å kople ut litt, så er det veldig 
godt. 

Men gamlahuset har også endra seg. Det at eg har delvis flytta 
gjer at ein del står att, ein del skal stå der, som det gamle spisebordet
og sofaen min, det fine stovebordet. Men så står det ting og tang rundt 
om, det er både aude og rotete på ein gong. Lydane er annleis, til tross
for at eg ikkje har teke noko ned frå veggane enda. Og ikkje minst lukta.
Lukta i huset har blitt sterkare. Og den er annleis. Eg har sjølvsagt merka 
det før då eg har vore vekke eller på ferie ei stund, at då eg kom heim
lukta det i huset att, eller eg kjende lukta, som alltid hadde vore der.
 Gamlahusetlukta. 
No er lukta annleis, lukta er i gongen, i stova, oppe på kvisten. 
Og lukta vert varm når eg fyrer opp i omnen. Eg lurer på om
denne lukta alltid har vore her, i svakare form, at gjestene mine
har kjend den før. Eller om hus som saknar verten sin, produserer
ei eiga lukt. 

Eg har framleis ikkje fått landa heilt nedpå, kanskje hausten, kanskje
året kjem til å gå i det. Men eg kjenner eg gler meg til å få stelle
med gamlahuset, kanskje littegrann i hagen, gjere det koseleg og varmt
og fint. Og la det vere ein rein avkoplingsplass, la huset få kjenne
at det har sin eigar enda, som berre ikkje er der heile tida. 


4 kommentarer:

  1. For en nydelig plass! Forstår godt at du drar dit for å koble av.
    Det er nok viktig for husene at de ikke står helt alene hele tiden. De trenger nok litt kjærlighet de også.
    Ha en fin kveld .
    Klem Christina

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, heilt sant. Dei treng pleie og ikkje minst: kjærleik. Det har dette huset fått i fire år no, etter å ha stått tomt i mange år. Og no saknar det nok kjærleiken att. Det får få det i små dosar framover :-) God kveld til deg også!

      Slett
  2. Ååå, Ingvild - eg kjenner meg så igjen i det du skriver. Vemodig å la de gamle husa stå tomme. Men så er det dette med kjærligheten da, fint å vere to! Eg blei veldig glad når eg fant ut at mannen i mitt liv var vokst opp med båt som hytte ;-) Eg er sikker på at du og grisebonden kommer til å bruke gamlahuset mer etterhvert. Det er ein nydelig plass og eg gråter ein skvett kver gang når eg leser mellom linjene dine
    God klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, her får du kjensler i bøtter i spann, når ein les gjennom linjene. Og så fint å høyre at du kjenner deg igjen og at du vert rørt! Ja, det er veldig fint å vere to og det er kjekt å bu i lag, det heilt klart. Men huskjærleiken ligg der og arbeider enda så ein vert litt delt. Men det går både opp og ned! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!