torsdag, september 08, 2016

Noko kjekt på gong!


Jau, det har jo vore litt opp og ned dette flytteprosjektet mitt, det har de lese om
i fleire innlegg her. Men her kjem noko utelukkande kjekt noko! Tankeprosessen med
å flytte har jo gått ei stund, og allereie i mars var eg klar med eit viktig punkt
med å innta det nye huset, nemleg god bakeplass. Det hadde eg jo allereie på
kjøkenøya mi i gamlehuset, men eg kjende at den faktisk var bittelitt liten. 
Me vurderte å bygge ei kjøkenøy med deler frå IKEA og me vurderte
Sunde Snekkeri til å bygge for oss. Men til slutt teikna eg opp ei kjøkenøy
med grunnlag i mine tre gamle kjøkenskuffer frå det rivne kjøkenet i gamlahuset. 
Og min gode nabo og venn tok utfordringa i å bygge ei øy ut frå desse. Det
hadde eg ikkje tørt å begi meg utpå sjølv. Han har kjøpt furubord frå eit lokalt
sagverk på Litlabø og laga heilt like skuffer. Veggane er av hobbyplank og det heile
skal stå på golvbord. Han har altså ikkje brukt eit halvt år på dette, men prosjektet
fekk vente til eg flytta avgårde slik at han fekk seg god tid. Så etter at eg vart 
ferdig med å male kjøkenet her så har dette lagt som ei lita gulrot framfor meg. 
Eg gler meg til å hente dei fine krakkane mine, få god plass til både bakst og 
mange andre matprosjekt som eg åleine og me i lag driv med og
berre henge på krakken med kaffikoppen, radio på og ei avis eller blad. 
Jippi!



Halvferdig resultat! Naboen min skal no få kutte og lime benkeplata i eik for
oss. Så skal øya grunnast og pussast og malast. Handtak kjøpte eg inn allereie 
i sommar og festa fleire av dei på kjøkenskuffene på det nymåla kjøkenet.
 Dei er like i storleik og form som desse gamle handlaga handtaka her.
På veg mot å kalle Sæterbøheimen for min
heim så gler eg meg til dette! 

4 kommentarer:

  1. Såå utrolig fin denne blir!

    SvarSlett
  2. Denne kommer til å bli så bra når den blir helt ferdig. Veldig artig at de gamle skuffene kan inspirere til noe nytt på den måten. (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, veldig nøgd med det! Har hatt det i tankane i lengre tid at eg ville bruke skuffene til noko meir seinare. Er jo skikkeleg gode skuffer! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!