søndag, september 18, 2016

Nons hos grisane


Sidan me tok ut grisane så har eg hatt ein idè liggande i bakhovudet.
Nemleg å ta meg ein kopp kaffi borte hos grisane. Eller nons som me kallar det her, 
kaffi og noko attåt på ettermiddagen. Berre for gøy. Og sjølvsagt
ta nokre gøyale bilete då. Eg fekk lurt med meg grisebonden som fotograf og 
assistent hin dagen og no kjem endeleg bileta på trykk!
Godkjolen på, krutsterk kaffi på kanne, ein snedden muffins og
sjølvsagt nokre deilige bananer til grisane. 
La bileta tale for seg sjølv! 




Dei tullete grisane ignorerte dei deilige bananene og gjekk rett på
muffinsen min! Før eg hadde sett meg til ein gong!
Og angusane hadde samla seg rett utanfor som beste publikum.




Endeleg litt ro for ein slurp kaffi. 




Var nok best å drikke opp kaffien hos angusane etterpå. 


Og slik såg det ut. 


Tjukkeunggrisen la seg rett ut i gjørma etter kaffislabberaset. Og me
hadde det kjempeløye! Ein har det ikkje meir løye enn ein gjer
det til sjølv! Og det vert gode minner og bilete å ta med når dei snart
går til slakt heile gjengen. 

8 kommentarer:

  1. Fantastisk! Heldige griser som får ha slike fine dager hos dere!
    Ha en fin uke. Hilsen Alexandra

    SvarSlett
  2. Åååå, eg ler meg ihjel! Alt du finne på! Haha, så gøy! Og så så herlige bilder!!

    Takk! Eg vil egentlig bare se mer.. Tihihi! Herlig unormalskap

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Får sjå om det vert fleire slike artige ting, må gruble litt på det! :-) Hihi

      Slett
  3. Du altså, heilt fantastisk!!Kan ikke være kjedelige dager hos dåkk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, me prøver å sprite opp kvardagen gitt! :-) Hehe

      Slett
  4. He he, hadde også gått for muffinsen. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjølvsagt! Kake slår jo alltid banan!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!