søndag, september 25, 2016

O herlege kjøkenøy - FREDAGSØY


Og der var den endeleg ferdig. Ting har teke litt tid men betre seint enn
aldri! Kjøkenøya med gamle skuffer øverst og seks heilt nye skuffer 
under, snekra av min gode nabo og venn. Eg er strålande nøgd!
Og me har valt å gi kjøkenøya vårt eit namn, det er jo tross alt 
ei øy og sidan Fitjar har fleire hundre øyar der ein av dei heiter
faktisk Torsdagsøy, jau, då måtte det bli Fredagsøy me tok inn 
på kjøkenet vårt.

Gamle fine skuffer med spor av dei gamle handtaka.

Prosessen har gått i teikning med mål, planlegging, innkjøp av benkeplate
og handtak og så snekkerjobben. Deretter vart benkeplata delt opp og limt
og fekk sine rundar med olje, under og over. Kjøkenøya har blitt malt
eitt strøk inni for å hindre at ho sprekk ved fuktforandringar. Utanpå
har ho blitt grunna to gongar, blitt pussa ned og fått to strøk med Lady Supreme Finish 
farge bomull. Skuffene har fått grunning, blitt pussa ned og så
to strøk med Flugger Interior High Finish i same farge som eg malte kjøkenet 
i sommar. Eg kunne ha malt øya i same farge men eg ville ha fram dei fine 
skuffene og får då betre kontrast med to fargar. 


Traktoren har vore til god hjelp med flytting av øya og benkeplate. 


Grunning.


Fyrste strøk maling.


Etter det som kjendes som altfor lenge så var det på
tide å få inn vidunderet. Kjøkenet er heldigvis veldig stort. 


For øya var jammen meg stor! Me hadde målt opp og planlagt,
men det ser jo heilt annleis ut når det er på plass. Kjøkenet endra
karakter på augeblikket. Og ein får faktisk kjensla av at kjøkenet
er nyoppussa og moderne. Kjøkenøya vart sett saman som eit 
slags puslespel med sjølve øya, ein sokkel som me skrudde saman,
to veggar og ekstra støtte for benkeplate samt benkeplata på topp.


Me feira øya med god gammaldags risgraut til middag. Og til forskjell
frå det vesle kjøkenbordet som sto der tidlegare så sit me no i høgda 
med utsikta, utover garden og utover Fitjar.
Den store benkeplata freistar verkeleg til matlaging. Eg gler meg til
å setje i gong med bakst, så god plass til både brødlaging og boller som
ventar. Og grisebonden gler seg til mykje enklare utbeining av hjort.
Jommen skal det bli enklare med pølselaging og pastalaging også.
Nei, dette vert bra!


Steike flotte skuffer med fine handtak. 


Eit kveldsbilete. Krakkane mine frå gamlahuset kom endeleg
i arbeid her no. Og til tross for at det er best å sitje på langsida på
godkrakkane har eg i fleire år hatt den gule krakken med den gamle
veslekrakken frå gamlahuset som min faste post. Og då kan eg sitje
"på feil side". Fint å sitje og sjå ut. 



Og der var eit nytt kapittel i gong i Sæterbøheimen. No vert det etterkvart
skuffedelarar til bestikk og kjøkenreiskap. Og så vert det kanskje ein brøddeig snart! 

2 kommentarer:

  1. Den gjorde seg godt i kjøkkenet, praktisk og veldig fin.
    Eg gleder meg til mer inspirasjon fra det Ingvildske kjøkken

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Det får vel bli eplesirup fyrst tenker eg:-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!