søndag, september 25, 2016

September: TId å hausta inn




Endeleg ein dag ute. Ein dag med tid ute, ein roleg dag, ein dag berre til 
å plukke og traske. Fyrst ut bjørnebær. Det struttar av bjørnebær i år. Store
og flotte og sprengde av søtsmak. Me plukka heile fem liter på Eskeland i dag.
Og me var sjølvsagt farga og oppskrapa etterpå. 
Men me er jo ikkje sååå fine på det, bæra skal inn!


Til og med i hagen min på Eskeland har bjørnebæra teke av. Eg visste det
hadde snike seg inn noko ris, og det at eg har stelt så lite med den i år
har gjort det til at ein drøss med bjørnebær veks seg til. Men det gjeld å
passe på, det tek raskt over i hagen gitt!


Eplene er også i hopetal i år. Dette treet på oppsida av huset er ikkje særleg
gode, men dyra liker dei. Men så flotte dei er å sjå på.


Høgt heng dei og sure er dei! Kvifor er dei så høgt oppe dei beste epla?



Mannen i treet.





To sortar eple, på veg mot to til. Huff, eg veit ikkje namnet på desse heller, men
eg trur det eine er prinseple og det andre er vintereple. Men dei i korga her
veit eg ikkje. Søte og gode er dei i alle fall!


Buster måtte ha seg ein bit også. Han diggar eple.


Nydeleg stund på Eskeland. 


Og nydeleg motiv. Kan det bli betre?


Måtte hauste litt i hagen også. Værhane blømer i sola. Litt mindre i år då
saugene kom seg inn i hagen og knaska med seg litt forskjellig. 


Og ei korg med hortensia, værhane, mynte, salvie og anna er ikkje dumt. 
Fin, roleg sundag, tid å hausta inn, desse milde soldagane i september...
Eg og Olav H. Hauge trivst i det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!