søndag, oktober 30, 2016

Sundagsfrukost



Eg er glad i litt utradisjonelle frukostar. Kvardagen er mykje prega av trøtte morgonar
med frukostblanding og eit glas juice. Helga går i brødskiver. Difor syns eg det er stas
å lage noko godt til frukost. Lappar, pannekaker, vaflar, boller. Det treng ikkje vere usunt.
Me hadde sunne men steike gode vaflar til frukost. Ved å ha havre i vaflane så vert dei 
fulle av fiber og næring, men utan at ein kjenner dei er grove. Ved å ha rive eple eller pære
vert dei søte og litt meir fyldige. Litt kveitemjøl må ein ha i for å binde røra. Søtning
treng ein eigentleg ikkje, men ein kan ha ei spiseskei sukker, honning, lønnesirup 
eller anna i. Desse vaflane vart også laga av heimalaga kefirmjølk, skikkeleg stas! 
God sundagsfrukost, god sundag! 

Eit krakkeliv


Ny kjøkenøy ga litt krakkeutfordringar. Eg hadde berre tre gode krakkar, vel
to av dei var gode, den siste sånn passeleg. Eg fekk tak i denne her, ein høg
barkrakk eller kanskje det er ein pidestall. Altfor høg for kjøkenøya som har benkeplate
på høgde med kjøkendisken. Så då målte eg med dei andre krakkane, sagde av
føtene, flytta opp treringen. Og så grunna og mala den gul, sjølvsagt. 


Setet fekk eit trekk av ei overmadrass og så ein duk eg har kjøpt inn til stoffbruk. 


Den andre gule krakken hadde fått seg eit litt stygt sete og måtte få nytt liv. Ekstra padding
med overmadrass og så eit gamalt holete kjøkenhandkle over. 



Så glade og fine krakkar. Klare for tunge rumper! Ååå, eg er så glad i rosa og gult
i lag. Det er så herleg!



Men det slutta ikkje der. Eg fekk Sverre til å sveise på fotfeste på den gule krakken. 
Som gjer den mykje betre å sijte på. Og den eine røyrkrakken under mangla også tre
av fire fotfester. Og vips så er dei nok klar for ei overhaling desse gamle skulekrakkane
også. 


Og det vart GRØNT


Då var eg ferdig gitt! Vart det slik som planlagt? Å nei du. Men det vart
ganske så bra! To furumøblar fekk heilt nytt liv. Eit grønt liv. Kjøpmannsdisken
fekk den originale grønfargen. Skapet såg eg ikkje kom til å bli fint med den tynne
grønfargen. Den dekka lite og vart tydeleg skjoldete. Eg starta difor opp med
blanding av maling, noko som er ei ganske så kjekk affære. Malingen dekka då
meir og var kjekkare å male med. Og eg kunne utforske nyansar. Dette vart det
ferdige resultatet på skapet. Fyrst malte eg med ein lysare grønfarge men det kjentes
feil ut med for mykje pastell. Denne landa eg på med akkurat nok grønfarge att.



Dei gamle handtaka frå Jätteloppis i Sverige fekk kome i arbeid. Heilt
noko anna enn desse bondemøbelhandtaka som var frå før (sjå tidlegare innlegg).


Skapet fekk kvitmaling inni. Og så gjekk eg for å kle opp glaset med "gardin".
På loppis i går fekk eg tak i ein billeg blondeduk i naturkvit. Den passa fint.
Eg målte opp, klyppa opp passelege strimler og festa med stiftepistol.


 Skapet er klart til lagring att! Det som eg vil vise fram har eg som regel på kjøkenet.
Så inni her står vanlege vinglass, noko servise og anna som ikkje trengs å visast fram.
Med gardiner kan ein lure inn anna også. 


Og kjøpmannsdisken då. Den vart tydeleg annleis! Den var skeiv og skranten og skuffene kolliderte
med kvarandre. Den hadde også noko fuktskader og fleire skuffer måtte limast. 
Alle skuffene vart demonterte og alle skuffefester vart strama opp. Under fekk den
hjul og dei gamle føtene gjekk i ovnen. Disken fekk fem strøk
maling og ein kan sjå at fargen ikkje er jamn enda. Men det gjer den også veldig fin.
Det minnar litt om gammal linoljemaling som gir farge men ikkje dekkar heilt. 
Det kjem også heilt an på lyset korleis fargen er. 



Den vesle krakken har hatt mange forandringar. No måtte den
få litt av grønfargen frå skapet. For å bruke opp restane. Grønt og
fint i stova no! 

Fitjarloppis





Tjohei! Hausten loppemarknad på Fitjar var endeleg komen. Eg har vore på 
loppis på Fitjar før og dei har eigentleg alltid vore bra. Men av ein eller anna 
grunn hadde eg ikkje så høge forventingar denne gongen. Men pengar var med
og fine venninner til kaffikos etterpå. Og jommen vart det nokre kjekke kupp på
meg! Det siste eg kjøpte før eg reiste heim var nemleg denne her! Cathrineholm
Lotus kaffikanne! Den sto oppført til budrunde og startpris på 500kr. Eg kikka på
den og gjekk fint forbi. Men då klokka nærma seg eitt så var det ingen som hadde
skrive seg opp ein gong. Kor kom denne til å hamne då? Eg spurte fint om eg kunne 
få skrive opp eit lågare bud. - På kor masse då? spurte ei dame. Eg kikka i lommeboka
og registrerte 350 kr. Og skreiv opp det. Og jommen fekk eg den med meg. Jøye meg. 


Kjelen kjøpte eg på Fitjarloppis eit tidlegare år faktisk! No står dei fint
i lag på hattehylla på kjøkenet.



Denne gule kanna vart eg også kjempeglad for å finne. Den vesle fløytemugga hadde
eg i frå før og eg likar så godt form og farge. Det er Figgjo Flint sin serie Smørgås,
som ikkje så ofte er ute på marknaden.


Nokre fine fat. Det blå er ikkje noko spesielt merke, men veldig fint syns eg. 
Det kvite er eit veldig gammalt fat med merke Egersund Fayance Blåd Tråd 
bakpå. Dei øverste er Figgjo Flint i mintblå med gullkant. Skjønne. Små tallerknar
er veldig fint å ha forskjellige av syns eg. 


Ein gammal kakeboks. Det får ein aldri nok av. I alle fall når ein bakar ein del!


Og denne pyntegjenstanden. Eg har faktisk nett knust ein liten fisk eg hadde frå
før, den har eg hatt i fleire år etter å ha kjøpt den på loppis i Bergen. Denne
betalte eg 30kr for. Den er kanskje for spesielt interesserte, eg syns den er tøff,
og eg ser den er prisa ein del høgare på bruktbutikkar faktisk. 
Og det vart ein del andre kjøp også. Ein del bøker, nokre kjøkenting, ein lampe
med manglar, ein duk med meir. Så alt i alt støtta eg Fitjar Skulekorps med ein
del kroner og dagen vart veldig kjekk! 

søndag, oktober 23, 2016

La det bli grønt!



Eg hadde vel planar om å la malarkosten ligge, eg pleier å gjere det 
no på hausten. Men akkurat no trengte eg å male. Eg som knyt meg i skuldrene
når eg både heklar og strikkar klarer absolutt å slappe heilt av når eg maler!
Så no kjente eg det var på tide å få roe heilt ned med radio og nokre
strøk. Og ein ny farge inn i stova. Me har ståande eit glaskap i furu her, type
nittitals. Eg har kjent det i meg at det har eg lyst til å gå laus på. Det skal så lite
til med slike furumøblar før dei får heilt nytt liv. I tillegg så ville ein
i familien kaste ut ein kjøpmannsdisk, også i god gammal nittials furu. Så då var 
det til med fiksing og liming, demontering og slikt før grunning var i gong. 


Denne kommoden var litt skeiv her og der, eg er spent på om eg får retta
opp slik at skuffene vert beine til slutt. 


Det tok nokre timar gitt, i alle fall når eg ikkje tok maskeringstape 
på glasskapet, men nytta rund pensel. Men tek ein seg tid så er det vel verdt
det! Maskeringstape er ikkje alltid optimalt det heller. 


Og det vart grønt gitt! Dette er fyrste strøk og det ser ut som eg har malt med
vannmaling. Denne gongen har eg nytta Butinox og den var veldig tyntflytande
og dekka lite. Men eg får sjå med andrestrøket og kanskje det vert eit tredje
også. God farge dette her og eg trur det vert bra med meir grønt i stova! 
Elles klarte eg ikkje å dy meg, kjøkendøra får seg tavlemaling og ein krakk får
også makeover. Og eg har hatt ei fin helg! 

Møt frøken Ingrid



Nokon som hugsar hanen Inge? I fjor på denne tida var han ein
del av livet mitt. Han kom springande i møte då eg kom heim frå 
jobb, låg i hengekøya med meg og traska inn i huset utan å spørre
og fann seg gjerne litt kattemat. Og varsla at det ville han gjerne dele
med meg. Han prøvde vel også eit ukjent tal gongar å parre seg med meg, 
driftene er sterke og han såg nok på meg som ei passande make. 
Men Inge fekk bank då han var på juleferie på Sæterbø, jau, det
var ein rar setning å skrive, men slik var det! Og han kom seg ikkje 
til hektene og endte livet på hoggestabben. Hardt er det med mange 
hanar om beinet. No derimot er det ikkje mange hanar men muleg 1-2
blant kyllingane. Og grunnen til at eg byrja å tenke på Inge att, er denne
vesle høna her. Islandshøns er eigentleg ikkje så veldig nære på folk, dei
held seg gjerne unna. Desse kyllingane har også heile vegen vore småredde
for oss tobeinte. Fram til no. Denne vesle høna kjem no springande mot
meg når eg kjem heim i blåbilen min. Ho kjem springande etter meg når
eg går inn i huset. Og når eg skal ut på tur. Sjølvsagt er ho som dei andre
ute etter nokre havregryn eller ein bit brød, men ho er allikevel så 
kontaktsøkande. Har ingen problem med å bli løfta opp og teke 
flotte hønemodellbilete av heller. Og kaklar så fint på sitt heilt
særeigne vis. Og sidan me har ein ny potensiell Inge i hokjønn
her så får ho namnet Ingrid. Og eg håpar ho ber namnet sitt godt! 

torsdag, oktober 20, 2016

Mitt nye fjell


Eg har byrja prosjekt "bli kjend med mitt nye heimfjell". Eg som har farta 
Kattnakken og Stovegolvet på Stordafjellet i mange år, har no bytta side
på fjellet. Fitjarfjellet kjenner eg ikkje, utanom å ha teke turen til Mehammarsåto
nokre gongar. Eg har hatt nokre turar rundt om no, men for tida held eg på
med å bli kjend med området rett oppanfor garden. Det er ikkje lange biten å 
gå frå huset før eg ser langt utover og og ikkje minst, inn i fjellheimen her. Og då
kan eg sjå mine faste turmål på andre sida også, og det er fint. 
Eg har funne meg ei grei treningsrute no men prøver innimellom å leite meg fram
der oppe. Her oppe er det nemleg ikkje så mange klåre turstiar, men derimot veldig
mange hjortetrakk, altså stiar trakka opp av dei. Dei kan sjå så flotte og brukte ut
at eg vert lurt og traskar målretta innover. Men vips går stiane inn i tjukkaste skogen, 
ut på myrer, ned i dalar, ned frå små stup. Og eg går på og vert spidda, eller snur
og går attende, vert våt på beina og har stadig sko og bukse på tørk i heimen.


Buster er alltid med, men eg vil helst ikkje ha andre med meg på kveldsturane, 
for blir ein vist rundt så lærer ein ikkje og erfarer ikkje på same måte. Men i går
ville det snodige vesenet av katten min Frensur henge seg på. Det er forsåvidt ikkje nytt,
han kan bli med på turar han, men har nok aldri hatt han med på fjellet før. 
Han hang eit stykke bak og mjaua sjølvsagt om me kom ut syne. 
Men det vart nokre fine bilete av pus til fjells! Og i denne fine haustsola då,
på veg ned. 



Det haustar i fjellet også. Og det luktar så godt av det tørre graset som knasar 
under føtene på meg. Buster må enten hoppe eller svømme seg gjennom gras og kratt. 



I dag kom eg meg inn til Kvednavatnet. Ikkje via strake vegen som Sverre
hadde vist meg, men via her og der, over elv og våte sko, hjortetrakk og opp og
i mente. Det freista litt med eit bad men det vart ikkje i dag. Til venstre ser ein fjelltoppen
Melen som eg ikkje har vore på enda. Og heilt bakerst er Kattnakken på Stord.



Turen ned. I låg haustsol, nær på solnedgongen. Sol i skog, er det noko
vakrare enn det? 



torsdag, oktober 13, 2016

Så var han der då


Då var han verkeleg her. Hausten. Eg har snakka om han, skrive om han,
sett på han, lenge. Og han er jo så fin, særleg i år, så varm og lun, så frisk 
og god, så gyllen og vakker. Og plutseleg fer blada. På eit blunk. Då hausten
går frå å vere fin og skjønn til kald og sur. Det vert ofte slik. I år får me
prise oss lukkelege for finvêret me har hatt, og som kanskje varer enda lenger. 
Tenk, rislande lauv på vestlandet, tenk det! 


Ei kveldsstund på Eskeland, på haugane, sjå austover. 


Bakkane er framleis grøne og saugene nyt godt av det. 
Og eika serverer meg nøtter i år. Men blada held seg grøne førebels.


På denne tida passar taket på løene inn i årstida. 



Mot kveld. No kan eg sjå gjennom greinene. Sjå månen sige opp. Skumringa
senke seg og Eskeland bade i hausten. 


Ha nokre fine haustdagar vidare. 

Spor


Spor av tid, spor av bruk. Godt bruk. Slitt, men ståande. 
Ein tur heime på garden og på tunet på Eskeland. 
No står hønsahuset utan gjester. Og gamleløa har stått
tom lenge. Men dei står.


Raudt. Og spor av grønt. 

Sto denne døra i gamlehuset mon tru? Bytta ut mot sekstitalet
sine fjonge teakdører. 


Heile hønsehuset var fylt opp av høns på bestemor si tid. 
Eit eige verpehus står der enda. Flott system på den tida. 


Spor av meg. 


Spor av far. 



Gamle murar. Frå då tipp oldefar bygde seg ei stove oppanfor tunet. 
Fint å kome heim og sjå på nytt, på nytt, på nytt. Nytt blikk.