tirsdag, oktober 04, 2016

Årets Värmlandstur!


Eg og Marianne frå Toten tok spontant turen til Värmland i fjor. 
Og fekk med oss både loppisar her og der og ei herleg overnatting.
Så herleg var det at me måtte få det til i år også. Rett over grensa kan vere 
eksotisk nok det, i alle fall når ein er over middels interessert
i loppisar! Svenskane kan jo absolutt loppis. 
På hausten er det færre loppisar enn om sommaren, men allikevel kan
ein finne gode loppisar rundt om. 


Me havna tilfeldig på denne staden her i fjor, Länsmannsgården i Sunne.
 Der likte me oss så godt at me ordna oss overnatting denne gongen
også. Og fekk like fint vêr i tillegg. Frisk haustluft og lett varmande
solstråler. 


Ei lita perle dette, både staden, husa, hagen og den vesle vegen
ned til innsjøen Fryken. 


 Og herleg hotellfrukost, så godt å unne seg det ein gong i blant, 
og til denne utsikta. 



Så var loppisrunden i gong. Denne gongen køyrde me ikkje like langt men farta litt
rundt om i Sunne og Torsby. Når du jaktar på loppis i Sverige kan ein komme over
både bittesmå "garasjesalg" med småting frå heimen, eller til dei som driv meir
aktivt og har ein tanke med kva dei vil selge. Me var innom begge typar på
denne turen. Den første var det rett og slett ingenting på. Den andre låg eit 
godt stykke inne i skogen, og var eit slikt garasjesalg med nokre gamle
leiker og nokre klede og slikt. Eg fann meg eit teppe, elles så sette me oss
ned til Fika som høyrte med. Altså, ein kopp kaffi og noko attåt. Koseleg!


Fika i Västerottna, Rottneros.


Denne her var meir profesjonell, Ankis loppis i Halleberg, Rottneros. 
Loppisen låg i eit hus på det vesle tunet og ei koseleg dame sto
bak kasseapparatet. Ho hadde samla seg mykje fint til sals. Anki har
ope heile året. 


Og den siste var Jätteloppis i Støpafors att, den besøkte me i år også. 
Ein stor låve fylt av mykje forskjellig. Dama bak skranken kjende meg att 
frå i fjor faktisk, ei veldig koseleg dame. 
I desse meir etablerte loppisane er det også kanskje litt dyrare. Men samtidig
så er dette jobben deira og legg kanskje meir innsats i å få tak i lopper. 
På slike loppisar er ein nesten garantert å finne noko ein likar. 


Fyrste funn. Skrot for deg, skatt for meg. Gammalt 
teppe, slik dei nytta før i tida. Som sommardyne eller
som teppe ute i sola. Eg likar godt desse, både til inne- 
og utebruk. Og så likte eg at det var grønt!


Linhandkle og nokre kjøkenting. Og nokre knaggar
til kjøkenøya.


Og linhandkle att. Fins mykje av slikt i Sverige. 
Fint bestikk og herlege gamle handtak. 
Ingen kjempestore funn på turen denne gong, men småskattar
og ei fornøgd jente som kom heim att til Sæterbø. 

1 kommentar:

  1. Sånn jentetur kan eg like!
    Kjekt med nye gamle skatter og viktig med gjenbruk
    Fin lampe i vinduet på lenssmannsgården, ligner veldig på mitt siste bruktkjøp med grønn skjerm

    Klem fra meg

    Klem fra meg

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!