søndag, oktober 09, 2016

Ei lita lærdom om egg


Egg. Noko av det sunnaste me kan knaske i oss. Og ein viktig
ingrediens i kakebakst. Eg har hatt eigne egg i fleire år no
og set verkeleg pris på den gode smaken og gulfargen på
plomma som glade, utegåande høns legg. Men det skal det ikkje
handle om no. Eg hadde ståande ein del egg i kjøleskapet
på Eskeland frå i sommar. Som eg no fekk henta. Folk flest
i landet, eg seier ikkje alle, men nyttar uttrykket "folk flest", kastar
altfor mykje mat. Mat som gjerne er i frisk og god. For mange
er frykteleg redde for datomerking. Her kjem ein god måte
til å undersøke tilstanden på egg på! For kanskje har ein kjøpt
inn mykje egg og lar dei stå ei stund i kjøleskapet eller ute på
benken. 

Fyll kaldt vatn i ei glasskål eller anna. Ha oppi eit egg om gongen.
På bilete her ser ein tre egg i ulike stadier. Egget lengst til høgre ligg
fast nedpå botnen. Det er ganske så ferskt. Veldig godt til kokt
frukostegg, eggerøre og slikt. Egget i midten står rett opp, men held
seg allikevel fast i botnen. Det er ikkje så ferskt, kan vere alt frå nokre
dagar til veker og månader faktisk, alt etter stabil lagring. Egget som
oppfører seg slik er best til koking og å skrelle skalet av utan hindring. Og
absolutt best til bakst. Det siste egget heilt til venstre er ikkje å anbefale. 
Det er altfor gammalt og bør kastast. 
På grunn av god lagring på låg temperatur klarte både hønseegg og 
andeegg seg gjennom nokre månader på vent i kjøleskapet i 
gamlahuset. Og sidan andeegg er helst sommarvare og supre baksteegg
så vert det god bakst den næraste tida! 

1 kommentar:

  1. Bra innlegg og viktig innlegg!
    Egg kan fryses, uten skall, jeg knakker dem i porsjonsbegre (ala store isbitformer) og bruker dem i vafler og pannekaker.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!