søndag, oktober 30, 2016

Eit krakkeliv


Ny kjøkenøy ga litt krakkeutfordringar. Eg hadde berre tre gode krakkar, vel
to av dei var gode, den siste sånn passeleg. Eg fekk tak i denne her, ein høg
barkrakk eller kanskje det er ein pidestall. Altfor høg for kjøkenøya som har benkeplate
på høgde med kjøkendisken. Så då målte eg med dei andre krakkane, sagde av
føtene, flytta opp treringen. Og så grunna og mala den gul, sjølvsagt. 


Setet fekk eit trekk av ei overmadrass og så ein duk eg har kjøpt inn til stoffbruk. 


Den andre gule krakken hadde fått seg eit litt stygt sete og måtte få nytt liv. Ekstra padding
med overmadrass og så eit gamalt holete kjøkenhandkle over. 



Så glade og fine krakkar. Klare for tunge rumper! Ååå, eg er så glad i rosa og gult
i lag. Det er så herleg!



Men det slutta ikkje der. Eg fekk Sverre til å sveise på fotfeste på den gule krakken. 
Som gjer den mykje betre å sijte på. Og den eine røyrkrakken under mangla også tre
av fire fotfester. Og vips så er dei nok klar for ei overhaling desse gamle skulekrakkane
også. 


2 kommentarer:

  1. Se her er grisebonden i full sving med å hjelpe til med prosjektene dine! Veldig bra! Sånne menn vil vi ha ;-) Blir vel et innlegg fra det ferdige kjøkkenet snart da?!

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, eg lurar han til innimellom, men det hadde vore knakande kjekt å sveise sjølv! Då eg sa det så sa han at då kunne eg jo trene på å sveise bilen min, den rustar seg i stykker ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!