tirsdag, oktober 04, 2016

Kyllingungdomen


Dei har blitt store, desse her som var så små. Dei har blitt reine ungdomen.
Ein skikkeleg god gjeng. Litt drama har det vore, nemleg at den nye
flotte hanen Sigurd som eg henta i Sveio fall død om etter nokre dagar. 
Men resten av gjengen frå klekkinga sist har klart seg. Og byrjar å bli
skikkeleg fine og snasne på hovudet.


Det er stas med flotte hårsveisar for islandshønsa. Hanane har som oftast ikkje
det, men jommen har me hatt ein og to av dei også. Hanekam og hårsveis, smør
på flesk liksom. 


Etter at dei stakk av i hytt og pine i sommar så måtte det til med nytt hus
 og ny garde. Dei får bu i eit flott hundehus og har eit område utanfor til å
traske rundt på. Men då hauststormane trua på så var dei snare med å kome
seg ut her også. No kosar dei seg rundt om i den vesle skogen
 nært på huset vårt og går inn i hundehuset sitt og legg seg tett saman på kvelden.
Våkne er dei om morgonen når eg fer på jobb, sjølv om det er svarte natta ute. 



Små skjønnheiter desse, og kjekt å følgje med på. Førebels ser
det berre ut til at det vert ein hane i flokken, me kryssar fingrane
vidare for det. Slik at me er sikra egg i lengre tid framover!



Det mest naturlege vaglet er jo ute i naturen. Ei gammal rot held i massevis. 

2 kommentarer:

  1. Hvorfor har dere satset på islandshøns?
    Tidligere hadde du en salig blanding av alt mulig..
    Uansett er det fint med frie høner!

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau! Det har seg slik at eg hadde ei salig blanding høns ja, litt for mange hanar og nokre høner vart gamle, noko gjekk til hauken og anna. Og på om lag same tidspunkt i fjor, utan at me hadde teke opp kontakten etter å ha slakta gris i lag året før, så fekk me tak i islandshøns på kvar vår gard. Det er ein gamal og litt sjeldan rase og interessant i utsjånad. Og hos begge så har vel tanken om å halde dei reine vidare, ikkje blande dei inn med andre rasar og miste heilt genene. Så det har me blitt enige om, no har me ingen vaksne hanar og heller ingen andre høner utanom islandshøns. Eg har gjerne lyst på fleire rasar også, men då må me få ordna litt her slik at det ikkje vert full miks att. Og så kan det vere kjekt å selge rugeeegg eller kyllingar også, og då må me ha garanti på det. Så det var svaret på det! :-) God helg, no skal eg springe ut i sola!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!