torsdag, oktober 20, 2016

Mitt nye fjell


Eg har byrja prosjekt "bli kjend med mitt nye heimfjell". Eg som har farta 
Kattnakken og Stovegolvet på Stordafjellet i mange år, har no bytta side
på fjellet. Fitjarfjellet kjenner eg ikkje, utanom å ha teke turen til Mehammarsåto
nokre gongar. Eg har hatt nokre turar rundt om no, men for tida held eg på
med å bli kjend med området rett oppanfor garden. Det er ikkje lange biten å 
gå frå huset før eg ser langt utover og og ikkje minst, inn i fjellheimen her. Og då
kan eg sjå mine faste turmål på andre sida også, og det er fint. 
Eg har funne meg ei grei treningsrute no men prøver innimellom å leite meg fram
der oppe. Her oppe er det nemleg ikkje så mange klåre turstiar, men derimot veldig
mange hjortetrakk, altså stiar trakka opp av dei. Dei kan sjå så flotte og brukte ut
at eg vert lurt og traskar målretta innover. Men vips går stiane inn i tjukkaste skogen, 
ut på myrer, ned i dalar, ned frå små stup. Og eg går på og vert spidda, eller snur
og går attende, vert våt på beina og har stadig sko og bukse på tørk i heimen.


Buster er alltid med, men eg vil helst ikkje ha andre med meg på kveldsturane, 
for blir ein vist rundt så lærer ein ikkje og erfarer ikkje på same måte. Men i går
ville det snodige vesenet av katten min Frensur henge seg på. Det er forsåvidt ikkje nytt,
han kan bli med på turar han, men har nok aldri hatt han med på fjellet før. 
Han hang eit stykke bak og mjaua sjølvsagt om me kom ut syne. 
Men det vart nokre fine bilete av pus til fjells! Og i denne fine haustsola då,
på veg ned. 



Det haustar i fjellet også. Og det luktar så godt av det tørre graset som knasar 
under føtene på meg. Buster må enten hoppe eller svømme seg gjennom gras og kratt. 



I dag kom eg meg inn til Kvednavatnet. Ikkje via strake vegen som Sverre
hadde vist meg, men via her og der, over elv og våte sko, hjortetrakk og opp og
i mente. Det freista litt med eit bad men det vart ikkje i dag. Til venstre ser ein fjelltoppen
Melen som eg ikkje har vore på enda. Og heilt bakerst er Kattnakken på Stord.



Turen ned. I låg haustsol, nær på solnedgongen. Sol i skog, er det noko
vakrare enn det? 



2 kommentarer:

  1. Flotte bilder og ord som alltid. Godt dyreliv og utforskarglede! Og livsglede! Eg forstår at eg må ta fjella for meg når eg blir frisk igjen, me har mange fjell rundt oss på Kleiva som eg kunne tenkt å besøke, Søthei, pga navnet, ikkje så høgt, men fjella over fjorden er 1800 m høge.. Nesten ei måneferd i seg sjølve.. eg tror eg begynner men Månastølsnuten. Takk for alt du deler ❤️

    SvarSlett
    Svar
    1. 1800 meter, det er gode fjell det! Ikkje til ein ettermiddagstur nei. Ein får ha småturar og langturar, er nok lurt! Månastølsnuten og Søthei var herlege namn!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!