søndag, oktober 23, 2016

Møt frøken Ingrid



Nokon som hugsar hanen Inge? I fjor på denne tida var han ein
del av livet mitt. Han kom springande i møte då eg kom heim frå 
jobb, låg i hengekøya med meg og traska inn i huset utan å spørre
og fann seg gjerne litt kattemat. Og varsla at det ville han gjerne dele
med meg. Han prøvde vel også eit ukjent tal gongar å parre seg med meg, 
driftene er sterke og han såg nok på meg som ei passande make. 
Men Inge fekk bank då han var på juleferie på Sæterbø, jau, det
var ein rar setning å skrive, men slik var det! Og han kom seg ikkje 
til hektene og endte livet på hoggestabben. Hardt er det med mange 
hanar om beinet. No derimot er det ikkje mange hanar men muleg 1-2
blant kyllingane. Og grunnen til at eg byrja å tenke på Inge att, er denne
vesle høna her. Islandshøns er eigentleg ikkje så veldig nære på folk, dei
held seg gjerne unna. Desse kyllingane har også heile vegen vore småredde
for oss tobeinte. Fram til no. Denne vesle høna kjem no springande mot
meg når eg kjem heim i blåbilen min. Ho kjem springande etter meg når
eg går inn i huset. Og når eg skal ut på tur. Sjølvsagt er ho som dei andre
ute etter nokre havregryn eller ein bit brød, men ho er allikevel så 
kontaktsøkande. Har ingen problem med å bli løfta opp og teke 
flotte hønemodellbilete av heller. Og kaklar så fint på sitt heilt
særeigne vis. Og sidan me har ein ny potensiell Inge i hokjønn
her så får ho namnet Ingrid. Og eg håpar ho ber namnet sitt godt! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!