søndag, oktober 09, 2016

Siste prosjekt!


Den siste månaden har ikkje energien vore på topp. Men no
piplar det inn noko energi her og der og eg kjenner kreativiteten
vakne, ideane poppe inn og vegen er kortare til å setje i gong med
kjekke ting. Helst skulle eg hatt superkrefter innimellom 
for å gjere alt eg har lyst til å gjere, men slik er det ikkje! Så
då må ein velge ut dei dagane der lyst og tid er til stades! 
Det er nemleg mykje eg kunne tenkt meg å gjere her på Sæterbø,
både innandørs og utandørs. 
Her er ein bitteliten ting eg fann på i går. Sverre fekk endeleg
fiksa den øydelagde ringeklokka og eg var snar med å finne fram
den gule bengalakken. Og Dynolabelmaskinen min. Den har jammen blitt
brukt til mykje! Det kræsjar kanskje litt med knall gult til den mørke raudfargen,
men samstundes skal det ikkje alltid passe saman. For
her bur ei som likar gult, og som skal setje sitt preg både her
og der. Og det gir meg eit smil når eg går inn døra.




På kjøkenet er kjøkenøya i godt bruk. I helga har eg til dømes hatt storbakst der og 
fått bakt ut både to typar brød og boller på ein gong utan for lite plass!
I sommar då me køyrte gjennom Sverige og svinga innom nokre loppisar
så kjøpte eg ei gammal hattehylle, malt i ei irrgrøn farge. Den fekk seg
gul bengalakk på og eg hadde plan om å henge den over kjøkenøya slik
at kjøkenting kunne henge under og ligge oppå hyllene. Men då 
øya var på plass så såg me at det nok ville stjele ein del lys, og lys vil me
ha inn på kjøkenet. Så den fine gamle lampa fekk henge og hattehylla fekk
seg ein ny plass i staden for. Og ja, alle desse tinga kunne eg hatt i skuffer
og skap og teke fram ved bruk. Og ja, treng eg eigentleg 4-5 siler? 
Eg storkosar meg med loppisfunna mine og eg vil helst ha dei i bruk, alle
som ein. Og difor vil eg også ha dei framme og ikkje la dei gå
i gløymeskapet! Skikkeleg god stemning på kjøkenet no! 



På eine loppisen i Sverige førre helg fann eg desse hengslene, eller 
kva eg no skal kalle dei. Eg likte dei, til tross for at eg ikkje visste kva eg 
skulle bruke dei til, og dei vart mine for ein tiar. I dag fann eg fram ei
rekvedgrein som eg plukka med meg ein gong i haust. Og fekk festa
dei til den. Den no heimalaga stanga er hengt opp i gongen der
me ikkje har noko ordning for oppheng av jakker og slikt. Så no har me
det! Og huer og vottar og slikt kan ligge oppi nokre tøyvesker. 
Så dett var dett for denne gong! Fleire nye prosjekt på gong, 
la sola framleis skine og energien strøyme på! 

1 kommentar:

  1. Veldig fin den hattehylla, hadde aldri kommet på å kjøpe hattehylle til kjøkkenet, hihi!
    Kreativt! Og de det beslaga hadde jeg glatt gått forbi, men det ble jo en kjempesjarmerende garderobeløsning! Gøy!

    Klem fra meg

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!