onsdag, oktober 05, 2016

Skrädmjölsdrömmar


Eg gir meg ikkje heilt med Sverige. For utanom loppisar så
har dei også godt mjøl! Øverst er eit bilete av nokre herlege 
havrekjeks, "skrädmjölsdrömmar" heiter dei og det var
Marianne frå Toten som hadde baka desse til turen vår. 
Dei er annleis enn andre havrekjeks eg har smaka, rett og slett
kjempegode. Grunnen til det er at havren er rista før den er malt.
Og me tok jommen meg turen til mølla der dette havremjølet,
skrädmjöl, vert til.



Mølla ligg i Stöpafors og er open for alle. Den har historie heilt
attende til 1917 og er i bruk den dag i dag. Til tross for nokre dekk
som sto utanfor, og ein gravemaskin på sida, så var det nesten som å 
kome til gamle dagar. Sjekk den fine døra med sola som står opp!
Og langs med veggen vaks det druer og eg plukka med meg ei
som smakte skikkeleg eksotisk og godt. 


Skrädmjölet har vore laga på same vis i nesten hundre år. Fyrst haustast havren,
så vert den rista i vedfyrte ovnar i ca to timar, så vert den "skräda" (der skalet vert fjerna) og så vert den steinmalt. Ved å steinmale mjølet kan ein halde temperaturen lågare under
maling, noko som gjer at meir av både næring og smak vert att, samanlikna
med industrielle valsemøller. 


Kverna.




Plakat og gamle posar for mjølet heng oppe. 


Og denne herlege plakaten hang oppe på eine veggen.


Havren sto klar i ein stor sekk. Gode lukter. 


Og sekken står klar til å fyllast opp med nymalt mjøl! Skrädmjøl
har tradisjonelt vert nytta til både brød, dei nemnde kjeksa "skrädmjölsdrömmar",
 "nävgröt" som på norsk vert kalla "motti og flesk" som vart og kanskje framleis
vert ete på Finnskogen og den også lokale kaka "mårbackakaka".

Skrädmjöl får ein tak i om ein tek turen til Sverige. Eg veit ikkje om ein kan
få tak i det i Noreg noko stad. Men rett over grensa er det sjans for å få tak
i kilopakkar med mjøl. Eg fekk meg ein kilo i fjor frå ho Marianne, og i sommar
kjøpt eg med meg eit par kilo frå nabolandet. 
Nedanfor kjem oppskrifta på dei heilage svenske kjeksa, men om ein ikkje
har mjølet tilgjengeleg så kan ein prøve med havremjøl frå AXA eller til dømes
Holli mølle som også er økologisk og steinmalt. 


SKRÄDMJÖLSDRÖMMAR

160 g mjukt ekte smør
2 dl sukker 
3 dl skrädmjöl/havremjøl
2 dl kveitemjøl
1,5 ts hjortesalt
2 ts godt vaniljesukker

Eg nytta 1,5 dl sukker til kvardagsbaksten min, det var plenty nok
med søtning. Litt brunt sukker og resten kvitt sukker vil nok også 
gi ekstra god karamellaktig og småbrent smak. 
Bland gjerne saman smør og sukker fyrst og ha så i det tørre.
Elt til ein jevn deig. Del deigen opp i små kuler. I originaloppskrifta
skal dette halde til 15-20 stk. Eg dobla dette med mindre kjeks, det
passa meg best. Steik kjeksa på 160 grader i ca 20-25 min, 
følg med på at dei ikkje brenn seg. Avkjøl på rist og nyt kjeks
med ein kopp kaffi eller eit kaldt glas god mjølk!


Meir nysgjerrig på mjøl og oppskrifter?
 Sjekk den skjønne nettsida: http://stopaforskvarn.se

7 kommentarer:

  1. Så spennende lesning, takk for at du deler, det er en økologisk gård her i området som selger alt mulig mel, skal titte etter dette eller noe som ligner neste gang jeg er innom der. Skrädmjölsdrömmar, bare navnet gir lyst til å smake

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Oi, det høyrtes spennande ut Elisabeth. Sel dei eige mjøl også eller? Og heilt enig, berre namnet på kjeksen gjer ein svulten:-)

      Slett
  2. Bildene gir meg assosiasjoner til da barna i Bakkebygrenda var hos mølleren. Stöpaforskaka er sååååå godt, og enkel å bake også. Skikkelig kaloribombe!

    SvarSlett
    Svar
    1. No måtte eg søke opp Stöpaforskaka også, den såg skikkeleg god ut! Mårbackakaka er viss noko annleis. Får prøve ut litt forskjellig tenker eg! Kjekt med tips frå deg Lena :-)

      Slett
  3. Det var ikke Stöpaforskaka du skrev om, ser jeg nå, den er nemlig også lagd med skrädmjöl.

    SvarSlett
  4. Så artig. Jeg tror man må kunne kalle deg for en mel-nerd. (",)(",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha.. Ja, det trur eg du har heilt rett i! I alle fall på god veg til å bli ein, det er jommen mange som er verre enn meg, men dei er vel kanskje profesjonelle surdeigsbakarar også då :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!