torsdag, november 17, 2016

Dei beste julekjeksa!


Honninghjarter! Høyres det kjent ut? Jo, eg skreiv om dei i fjor!
Difor kjem ikkje oppskrifta ut i år, men eg vil rett og slett tipse
på ny om desse kjeksa. Dei er utruleg gode! Eg kjøpte faktisk store
honninghjarter med meg frå Haugesund i sommar, kanskje
den einaste staden i Noreg sel desse som sin "spesialitet". Men dei var
altså tørre og sjokoladen var eigentleg ikkje noko god. Og smaka dei
eigentleg honning? Eg kan ikkje hugse det. Men desse her smakar
både honning og krydder. Og du vel sjølv kva sjokolade du har på dei. 
Og dei er like supre i november som i desember som i alle andre
månader i året tenker eg, så kanskje vert dette ein heilårskjeks! 

Versågod, her er oppskrifta på honninghjarter! Berre prøv!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!