torsdag, november 17, 2016

I Øyamål


Eg tek meg den fridomen til å legge ut bileta av artikkelen
i bladet Øyamål. Bladet får ein berre tak i på Stord, Fitjar og
Bømlo enten i sal hos enkelte butikkar eller frå sjuandaklassingar
som går på døra. Bur du her og kjøper bladet så støttar du opp
om nynorsken i området her! Og bur du ikkje her så får du kikke på
desse bileta gitt. Eg syns framsidebilete, som eg også har delt på
bloggen tidlegare, er utruleg flott. Kjekt å ha med gode fotografar å
gjere! Inne på kjøkenet måtte eg faktisk ta på meg eit forkle før
bilete vart teke, eg var nemleg skikkeleg skitten på kjolen etter
fotograferinga hos grisane. Hardt liv gitt! Men så såg eg no skikkeleg
husmor ut også, og det er eg jo også på eit vis. 


Døme på kva eg kan finne på i bruktverda er desse gamle
røyrstolane som eg fann på garden. Dei stammar frå den
gamle husmorskulen på Fitjar og det er jo litt stas då. Dei fekk
no berre maling på seg ein kald vårdag og to, men dei endra
jo livet sitt heilt. Og står den dag i dag som gode stolar i stova
i Sæterbøheimen. 
Det står også litt om korleis eg eigentleg havna i Fitjar. Ja, korleis
møtte eg denne bonden. Det tok jommen litt tid før eg skreiv på
bloggen at eg hadde funne meg ein mann, sjølv om det var ein 
veldig viktig ting som skjedde i livet. Det er vel noko med at ein ikkje
treng å dele alt og for mykje. Det er vel også difor det sjeldan er andre
folk med på bloggen, ein skal ikkje legge ut ukritisk om andre, verken
bilete eller tekst meiner no  eg. Ja, det var denne bonden ja. Eg kjøpte
grisar av han. Og han lærte meg å slakte dei då det var på tide. 
Men då var slett ikkje tida inne for noko anna. Men, året etter,
då spekeskinka mi var ferdig, då tok han kontakt og ville smake. 
Og resten er historie! 


Kjekt blad som du bør kjøpe om du kan! Det står fleire interessante
artiklar i det. Og eg, som de ser, har kopiert opp sidene som eg skal 
laminere. Eg er av den gamle sorten som vil ta vare på slike ting
eg er med på. Og då held det seg best inni plast. 

6 kommentarer:

  1. Der var du på trykk, ja! Kjekt! Greier ikkje lese teksten i artikkelen, men du skriv jo så godt sjøl!

    Og lurt å få det laminert!

    Klem fra meg

    SvarSlett
  2. HÆrlig dæ, skulle gjerne ha fått kikka enda meir på bladet, ser noen fantastiske grønne stoler som får hjerte i brann:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dei er kjekke dei stolane Brit! :-) Klem nordover!

      Slett
  3. Prøvde igjen, forveten som eg er, denne gang fra PC, FIN artikkel!
    Håper det resulterer i fleire leserar.

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Jøye meg, klarte du å lese teksten altså? :-) Imponerande! Og takk for fine ord!!

      Slett
  4. Artig når man blir fornøyd med både bilder og tekst. Og nå kan du si at du er forsidepike. (",)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!