lørdag, november 12, 2016

Interiørutfordringar

Kan eg kalle det ei lita interiørkrise? Eller det er vel kanskje ikkje så
krise, men jommen er det ei utfordring. Sjå for deg meg, i mitt gamlahus
på Eskeland. Pussar opp rom for rom, maler mørk panel, maler tak og golv,
ordnar og fiksar. Mykje var att men det gjorde ingenting. For eg hadde fått min
stil i huset og trivst med å bu i eit gammalt, flott hus. Og så flyttar eg ut her,
til Sæterbø. Nytt hus, veldig greit. MEN. Ein real nedtur for den gamlehusglade
meg. Her var det belegg på golvet i stove og på kjøken og i gongen. Tapet som har sett sine
betre dagar både her og der. Huff. Eg starta med å gå laus på kjøkenet, og det
har blitt betydeleg betre. Det er jo eit viktig rom. Soverommet vårt fekk også
farge og vart stæsja opp litt. Huset fekk ny farge utanpå (frå lys beigebrun til raudt). 
Og i stova var planen vår å legge golv og sette opp panel no i haust. Men
alt går ikkje alltid etter planen, så det må me utsette. Så då gjekk eg laus på
nødløysinga. Male rett på tapeten i stova. Gullfarga og nedrive tapet er ikkje noko
for meg. Og eg bur her no gitt. Ingen nedvask og grunning her i garden, billeg maling
er det også, her går eg rett på vegg for vegg. Ingen hastverk, men godt med kvar
vegg som er ferdig. Og sååå skal eg få hengt opp litt meir på veggen her. Kvit
bakgrunn er rolegare for bilete og slikt.
Men, det SKAL på plass
golv og panel etterkvart! Basta! 
Jommen er det styr med nye hus også!



Huff!! 

Stripene i tapeten viser i gjennom, men men. Det er betre
enn gull! Og to strøk får halde.


Eg måtte berre rive ned meir tapet for å jevne det ut.
Det vart ikkje fint i hjørne gitt. Godt det er midlertidig!



Det lysna i alle fall! Fyrste strøk på denne veggen.
Blir godt å bli ferdig!

4 kommentarer:

  1. Kjekt å få satt sitt eget preg på det nå og sleppe å vente på panel!
    Du er driftig! Reine virvelvinden

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Hihi, ja interiørlysta pressar på innimellom og då får eg "superkrefter", ei lita stund haha. TO veggar att i stova no, håpar det let seg gjere neste veke!

      Slett
  2. Nei, nye hus er ikke noe for oss. (",)(",) Men heldigvis kan man få det til også der, bare man vil.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jau, må berre gjere det beste ut av det, med det ein har! Ingen stor oppussing med det første, men det hjalp mykje med kvitfarge på veggane her!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!