søndag, november 20, 2016

Langtidsheva boller


Det er lenge sidan eg har skrive om boller på bloggen! Sjølv om det er noko 
eg bakar jevnleg. Det siste året har det gått mest i surdeigsboller men elles går
det i oppskrifta til Morten Schakenda frå Bakeriet i Lom. Men vips så kom eg 
over ei interessant oppskrift på langtidsheva boller. Og det måtte eg berre prøve.
Oppskrifta er sjølvsagt svensk og er frå bladet Lantliv frå bakaren Frida Svedberg. 
Eg har gjort litt forandringar i den originale oppskrifta og her kjem den! 

Startdeig:
100 g vatn
100 g kveitemjøl
1 liten bit gjær (ca 0.5x0.5cm)

Deig:
600 g kveitemjøl
250 g romstemperert mjølk
1 romstemperert egg
10 g godt salt
220 g sukker
1 ts malt kardemomme/kverna heile kardemommefrø
75 g romstemperert smør

Fyll:
romstemperert smør
valfritt sukker/kanel/kverna kardemomme/vaniljekrem/kransekakemasse

Startdeigen lagar du kvelden før. Greit å gjere ein fredag eller laurdag kveld. 
Dagen etter blandar du alle ingrediensar utanom smør. Dekk så med plast
og la stå 1 time. Elt i smøret i terningar (greit å gjere dette med kjøkenmaskin).
La så deigen stå i 1-3 timar att. Kjevle ut deigen og smør på smø og valfritt fyll.  
Lag knutar eller tradisjonelle snurrar. Legg på bakebrett og la desse 
stå å heve ein lun plass til dei er dobbelt storleik. Dette kan ta nokre timar. 
Sidan det er lite gjær tek desse bollene litt tid, men samstundes er dei meir 
snille mot magen og vert utruleg gode! Pensle med egg/mjølk om ønskjeleg.
Steik på 225 grader i rundt 10 minutt til dei er lett gyldne og avkjøl på rist. 
Attåt eit kaldt glas mjølk, nam nam nam! 


Bollene vart gule og fine av den gule eggeplomma. Dei fekk elles små svarte prikkar i 
seg grunna at eg knuste kardemommefrø i morteren. Det gir ein herleg aromatisk
smak samanlikna med den ganske så flate malt kardemommesmaken. Eg fylte
i kransekakedeig sidan eg hadde det liggande og det vart søtt og saftig og godt! 
God bollesøndag! 

2 kommentarer:

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!