onsdag, november 30, 2016

Lenge leve galskapen: i interiøret!


Det er siste dag i november. Eg har budd i huset på Sæterbø i fire månader no,
sakte men sikkert budd meg inn. Og er i den prosessen enda. For meg handlar 
det å bu meg inn om å bli kjend og bli trygg, setje mitt preg på huset, ikkje minst. 
Så sjølv om eg berre mala veggane i stova kvite, som ikkje er noko særleg
overraskande farge gitt, så hjalp det veldig på interiørkjensla her! Eg fekk eit
kvitt lerret til å møblere. Og ting byrja å passe meir inn. Så då har eg i det siste
prioritert stova og småputling med interiøret. Difor kjem no smågalskapen, i 
små drypp. 
Jau, kva gjer eg her? Har vore ute og henta med meg nokre gevir frå løa. 
Det siste geviret var ferskt frå i haust og låg ute. Eg prøvde meg på å koke
dei kvite gitt, men ny erfaring for meg viste at det var ikkje berre berre. 
Jommen tek det plass med eit gevir i ei panne. Har ein no stor nok panne
for det? Fælt lukta det også. Dette gjer eg ikkje att! Gevira vart heller
skrubba med såpe og vatn ute og lagt til tørk på eit handkle ute i gongen.
Då fekk eg ein særs lukkeleg hund! Han likar seg best oppe i senga si på hobby-
rommet mitt der han slappar av store deler av døgeret. Men no måtte han
gå forbi desse lekkerbiskenane kvar gong han skulle opp og ned. Og MÅTTE
berre stoppe og prøve seg. Det forsvann litt av den eine hovudskallen 
for å seie det slik. Men han lausna det heldigvis berre, fekk ikkje knaska
det i seg!


Eg likar gevir eg. Kanskje fordi eg ikkje har hatt så mykje av det. For meg
er det eksotisk! Men eg måå berre leike meg litt også. Det eine geviret fekk seg 
litt av min sjølvblanda grønmaling. Og vart litt annleis og morosamt. 


For ein del år sidan ville eg ha vore oppteke av symmetri og at ting skulle
matche. No er det mykje kjekkare å gjere litt omvendt. Noko som guten
i huset til dømes reagerte på. Kvifor er berre ein hovudskalle malt? Kvifor
er det berre gevir og ikkje skalle til venstre? Gøy! Den i midten er frå i 
haust, ein trettentaggar som bonden stolt skaut borte på bakken her. 
Den til høgre er av eldre dato og den til venstre har nok vore sjuk, difor
enkle taggar som er skeive. Eg diggar det! Heile denne bølinga heng over den
store svarte TV-en, den store svarte flekken i stova, som eg kosar meg med
å kikke på på kveldstid, men som vel sant er ikkje gjer seg så godt ut i ei stove. 
Difor vert fokuset flytta opp, ikkje dumt!


Den andre stoveveggen har eg endeleg fått byrja på. På den eine sida har
eg faktisk hengt opp eit gammalt sjøkart av Fitjarøyane. Det går attende til
1952 og kjem frå far min. Han hadde det hengande teipa på ei treplate på ein 
vegg på mjølkerommet i nyeløa på Eskeland. Kjekt å kunne ta det med her til,
særleg også no når eg faktisk har farta littegrann rundt desse øyane. 
Øverst på bilete er det eit stort gammalt skilt. Det låg under taket i ein garasje på
garden. Oppe på sjølve Sæterbø, der det gamle huset står og løene var før,
der dreiv besteforeldrene til Sverre ei fjellstove på sekstitalet. Eg veit ikkje så
mykje om dette enda, men det tenker eg å finne ut av. Skulle gjerne ha reist 
attende i tid og teke meg ein tur innom der ja. Har funne nokre små spor
av denne drifta på stabburet der oppe, men mykje er nok fore. Om det er nokon
der ute som les dette og som har vore på denne fjellstova så ta gjerne kontakt!
Skiltet har no kome opp på veggen og peikar oppover mot den gamle
fjellstova. I tilfelle ein skulle lure. 
25-skiltet er noko eg har funne ute i rustdyngen som ligg på garden. 
Ikkje fordi eg er så glad i det talet, men det er no litt snodig. Den kjem
faktisk frå den gamle Aker Stord. Og sjølvsagt får mummi, Ragnar Hovland, loppisar,
ein hjort og ein færøysaug prege veggen. Og bonden sitt flotte Valtra-traktorbilete, 
som han skattar høgt. 


Over spisebordet, i dårleg kveldslys her dessverre, har mi fine runde samling 
fått kome opp. Den hugsar de nok frå gamlahuset. Det er noko med å velje
kva som skal få vere her og kva som skal få vere attende i gamlehuset. Det
er ikkje enkelt, men akkurat no er det her eg må bu meg inn, og så
får eg stelle og styre meir med huset der etterkvart. Høgspenning Livsfare på 
stoveveggen? Jau, kvifor ikkje? Klokka er den gamle lampen frå gamlahuset, den
som eg alltid slo hovudet borti. 


Eg fann restar av ei porselensdokke i bålrestane etter sankt hansbålet på
Kvednaneset i fjor sommar. Hovudet vart naturlegvis ein lysestake. Ein 
lampeskjerm, ribba ned og malt gul, er for tida ei lita krone, men
den skal nok kanskje i arbeid ein anna stad. 


Lysestaken i år er ny. Eller brukt. Eg fann den på ein bruktbutikk til 
ein tjuar og likte helst ikkje stilen, shabby chic men lett nedpussa kvitmaling
og raude hjarter. Så den fekk seg litt grønmaling. Kanskje ikkje adventsfarge,
men den passar godt til lilla lys og er flott og grisete i kjøkenvindauge! Sviblar
i gamle honningboksar og vaniljesukkerboks pyntar også opp.


Ikkje min galskap dette. Men her er restar frå min fine julepynt. Gamle
hekladukar som eg både har arva og kjøpt brukt og stiva
av med sukkerlake til å henge i vindaugo til jul. Den finaste julepynten.
Som låg i ei eske i kneskapet på lemen i gamlahuset. Etter at eg 
har flytta ut har ei lita mus, eller fem, funne vegen inn der og leska 
seg skikkeleg. Full fest med sukker og bomull! Eg håpar på at det har vore
litt mageknip i etterkant og at ho eller dei har angra sine synder! Eg
må rett og slett berre le for slik er det i gamle hus! Og eg er imponert over kor
mykje dei har ete! Så no må eg ut og kikke etter nye dukar att!



Til slutt eit bilete som viser til kva som kanskje er på gong. Kva ser du her?
Skrot? Ikkje eg, og ikkje bonden. Me ser potensiale! Og håpar det
vert noko kjekt på gong snart! Meir om det seinare! Ha ein god desemberstart! 

5 kommentarer:

  1. Er det gammel fjøsinnredning på siste bildet? Jeg lurer på om jeg hadde laget meg paviljong eller levegg av det. Herlig å bruke gammelt på nytt. Jeg har en reveskalle som ble hvit. Den la jeg i eddikvann. Men den ble jo fin i grønt også :-)
    Hilsen Camilla i Harstad

    SvarSlett
    Svar
    1. Kor lenge låg den i eddikvatn, hugsar du det? Takk for tips!! Og levegg av fjøsinnredning, ikkje dumt! 😀

      Slett
    2. Et par uker tror jeg det var. Er noen år siden.
      Camilla

      Slett
  2. Kjekt innlegg, det er det asymmetriske som setter hjernen i gang, artig å lese om guttens reaksjon!
    Tøft med gevir! Sjøl har eg elg på veggen i byhuset

    Når det gjelder fjøsinnredningen så tenkte eg "hest", men hest står vel ikkje akkurat i sånne. Nei, det er nok noe kreativt! Blir spennende å se..

    Klem fra meg

    SvarSlett
  3. Elg hadde vore gøy! Og utstoppa grisehovud hadde eg faktisk i tankane då eg skulle slakta Gissen og Gossen på Eskeland. Men det kostar nok ein del å få gjort det, så kanskje ein anna gong! hihi

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!