tirsdag, november 08, 2016

Mådagsputling og førjulspyssel





Det er tida til å vere inne. Eg prøver å komme meg ut rett etter middag
slik at eg får litt lys på turen med Buster. Og vips så har eg visst heile
kvelden framfor meg. Det er godt. Eg likar godt ettermiddagar med kaffikopp
og noko attåt. Altså radio på og eit blad eller kanskje noko putling. Svenskane
har ordet pyssel, det likar eg godt. Då kallar eg det putling, det å putle på med
noko er å halde på med noko smått, ein hobby eller noko av eitt eller anna slag. 
Så i går vart det putling, krutsterk kaffi med kumjølk i vinterleg mummikopp,
Salongen på P2 og kos. 

I helga hadde eg plukka med meg ein del rekved i form av greiner langs
med vatnet på Rullestad. Der er det alltid mykje fint treverk syns eg. Og så
er det då kva eg skal finne på med det. Denne gongen vart det to julestjerner. 
Eg bestemte meg for mål og saga opp like lengder til ei stor og ei lita stjerne. 
Så tok eg ein liten klatt lim frå limpistol og festa tre greiner til trekant før
eg tvinna hamptråd rundt for godt feste også. Og så var det berre å feste trekantane
på kvarandre. 


Lysslynger med LED-lys som går på batteri får ein til ein billeg penge rundt om no. 
Eg surra ei slynge rundt og vips hadde eg mi heilt eiga julestjerne!


Frå no av vert det nok mørkare bilete på bloggen, slik er det i mørketida. 
Men akkurat her passar det godt. Svart ute og lyst i vindauget!
Ut og plukk deg nokre greiner, det treng ikkje å vere rekved men rett frå
treet går no også bra. Og sett i gong du også! 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!