torsdag, november 03, 2016

Nytt intervju

FOTO: Arne Vestbøstad
FOTO: Arne Vestbøstad

Fyrst og fremst så vil eg vise til desse heilt nydelege bileta som vart teke av meg
i september. Eg hadde nemleg besøk av ein journalist, Arne Vestbøstad heiter han.
 Denne gongen frå bladet Øyamål, eit blad som er eit samarbeid mellom
 mållaga på Stord, Fitjar og Bømlo. Altså eit godt nynorsk blad som eg tidlegare
har lese nokre av. Det kjem ut til den nynorske barnelitteraturfestivalen
 Falturiltu på Stord og vert også til sals ulike stader i området her. 

Eg har jo nokre gonger no blitt intervjua, men som regel har det handla om
gamlehuset og interiøret der. Denne gongen handla det visst berre om meg. 
Litt om blogging, interesser, nynorskbruk og favorittforfattarar og slikt. 
Det er rart å skulle bli intervjua, eg har visst ikkje heilt blitt vant med det.
Ein ting er å ha bloggen, den er no der ute og vert lest av dei som vil, men
å bli intervjua og å kome på trykk kjennes kanskje ut som å skulle vise seg,
ta plass, tru at ein er noko. Og sjølv om eg veit at eg driv med mykje som kanskje
ikkje kvarmann gjer og at eg kanskje har bygd meg opp litt kunnskap om forskjellig
opp igjennom åra så sit det framleis ein liten djevel på skuldera og ropar. 
Det er nok både jantelova og barndomens spor som sit godt i kroppen. Og begge
deler må ein sakte men sikkert riste av seg tenker eg. Og eg jobbar med begge deler. 
Så då skal eg trene meg på å stolt vise fram meg sjølv i eit blad på ny, for eg kan
og eg vil og eg får mykje til! Og eg inspirerer visst rundt om også (har eg høyrt) :-) 
Og takk til alle kjekke lesarar som fylgjer meg framleis! 

10 kommentarer:

  1. Så kjekt, Ingvild. Du blir lagt merke til! Veldig bra! Og jeg elsker jo bloggen din. Alle påfunna. Alt du prøver og alt du tør! Alle innlegg som inspirerer! Ser mange blogger som ligger brakk der ute, kjekke og inspirerende blogger.. og det er synd. Insta blir liksom ikke det samme.. Ha en fin dag

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Alltid like kjekt med kommentarer frå deg Elisabeth! Og veldig glad for fine ord! Og me får halde bloggverda oppe vidare;-)

      Slett
  2. Jada, eg følger med. :))) Du har en fortellermåte som gjør bloggen spennande. Er blitt fast leser.

    SvarSlett
  3. Utrolig fine bilder. Jeg syns du skriver så godt og er stolt over å ha deg i bygda her!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekk melding å få Jorunn! Det vart eg rett og slett litt rørt over!

      Slett
  4. Du er så fin så flott og bør vises frem overalt spør du meg. Du skriver levende og jeg blir glad hver gang jeg kommer på besøk på bloggen din. Og dine bilder med deg og grisene er bare fantastisk. Forsett på du, for du både kan og vil og får det til. HÆRLIG!!! Ha en god dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk kjære skjønne Brit! Du har ein herleg blogg du også! Stå på du også! :-) Me inspirerer kvarandre!

      Slett
  5. Kjekt å møta deg på loppis! Viktig det du skriv om å trene deg opp til å sjå deg sjølv i eit nytt lys... Eg kjenner meg att i dette med den mentale treningen du gjer, så eg stemmer i: Eg kan, eg vil og eg får mykje til! :-D Stå på!

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig kjekt å snakke med deg også Christine! Og då er me to på "trening" :-) Stå på du også!!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!