søndag, november 06, 2016

Prosjekt: MJØLK


Ferskmjølk er noko eg ikkje har vore så vant med. Me dreiv ikkje med
mjølk på garden heime og handla mjølka i kartongar. Det same har eg gjort
sidan sjølv om eg har til tider smakt ferskmjølk. I løpet av året har lysta vakse
i meg til å få tak i ferskmjølk og å prøve ut forskjellig med den. Sverre spøker 
med at no burde me få tak i ei ku til meg som eg kan mjølke to gonger til dagen
sjølv, slik at eg kan halde i gong alle desse prosjekta mine gitt. Jau, kanskje
me får oss ei ku? Angusane gir i alle fall ikkje mykje mjølk og det skal godt
gjerast å byrje å mjølke på dei ute no. 


Fyrste prosjekt var kefirmjølk. Ein må ha kefirkorn til dette og eg har som skrive før
fått tak i mine i Italia, men ein kan få tak i dei på nett eller via venner/kjende også.
Eg skilte av nokre av mine til å ha til mjølk og måtte fyrst venne dei til
mjølk nokre rundar. Fyrste kefiren smaka ikkje noko godt. Men andre skikkelege
forsøket vart bra. Eg hadde om lag ei spiseskei korn til  rett over ei liter mjølk. 
Om lag etter eit døger byrja det å skilje seg og då blanda eg saman, silte
vekk korna og så var det å setje kefiren kaldt. Kefir i vaflar vart nydeleg! 


Kefiren kan også silast av slik at det vert ferskost og myse. Dette tek om lag eit døger.
Ferskosten kan ein blande med litt salt og det ein vil av urter, krydder eller anna. Ein kan
også rulle det til små ballar og ha dei i olje til dømes, det har eg ikkje prøvd enda. 
Eg prøvde meg også på å lage mozzarella av ferskost men det gjekk dessverre ikkje. 
Kanskje eg gjorde noko feil, men mest sannsynleg må eg ha løype for å skilje ut
ostemassen skikkeleg. 


Surdeigsbrød med ferskost og epleskiver er supert til kveldsmat og nistemat! 


Og så mysen då. Den er super til å berre drikke, ha i smoothies om ein driv med
det, ha i bakverk og spesielt surdeigsbrød. Men eg ville prøve meg på prim. 
Eg koka inn om lag 2 liter myse i nokre timar til den nesten var heilt tørr. 
Tilsette så 1 dl fløyte og 1 ss sukker. Lot det koke godt inn. 


Massen vart krema og seig og lukta heilt nydeleg. Eg venta på at fargen skulle bli mørkare så
eg lot den nok stå litt for lenge i panna. Så den vart veldig seig i konsistensen. Og kva
hadde eg laga då? Fløytemysost!! 


Framleis mjuk når den var varm. Ein må røre kontinuerlig i ostemassen, også
etter den er teke av plata. 


Litt overraska og nysgjerrig sette eg den til kjøling. Og tok den ut
nokre timar etterpå. Eg må tilstå at eg ikkje er så veldig glad i brunost 
eller anna brune ostar. Det er ikkje noko eg tek på brødskiva. Men denne
osten her, den var rett og slett heilt fantastisk! Noko av det beste eg har
laga på kjøkenet trur eg. Smaken er syrleg (etter å ha laga kefir og ikkje berre
skilt mjølka med løype), karamellaktig og ein anelse salt. 
No håpar eg berre at eg får til det same ein gong til. Og mjølkeprosjektet
er definitivt ikkje over!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!