onsdag, november 16, 2016

Rocka veving med ull






Kjekt å endeleg kunne ta fram rockeringen att. Den store treningsrockeringen
som eg kjøpte, ja, ikkje for å trene, men for å veve! Og ein del restegarn frå korga
fekk også kome til nytte. Har brukt litt tid på denne her, har ikkje vevd kvar dag
men litt innimellom. Det seier seg sjølv at denne kan ein ikkje putte i veska og
ta fram på ein båt- eller ferjetur nei. 
Fleire trådar vart knytta enn førre vev eg hadde på bloggen her. Og innerst
starta eg med enkel ulltråd. Det danna seg eit fint hjarte innerst faktisk. 


Rein og fin vev med antydning til stramming innerst. 


Golvprosjekt. Eg er nødt til å sitje på golvet når eg gjer dette. Og
lage passelege buntar av garn. I starten var det enkel tråd, så gjekk
eg over til dobbeltråd. 


Volia! Eg seier meg ferdig. Det var ikkje til å unngå at det stramma
seg innover, eg har ikkje stramma til sjølv, men jommen må eg vere
påpasseleg med å ikkje ha tråden rundt for stramt. For då skjer det 
automatiske. Har også prøvd å dra det litt ut, difor vert dei innerste 
sirklane ikkje sirklar men får litt stjernekantar. 


Så var det å feste trådane. Har ikkje gått rundt med saks og gjort fine 
endar enda, det får vente. Teppet vart tjukt og mjukt og varmt. 
Litt usikker på kvar eg skal ha det men først fekk det
teste ut godstolen i stova, som pusen fann med ein gong. 
Gøy å prøve ut, men trur nok det vert vanleg veving på meg
etterkvart! Då har ein nok litt meir kontroll.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!