lørdag, november 12, 2016

Velkomen til verda min kjære mozzarella!




Visste du at ein (relativt) enkelt kan lage sin heilt eigen mozzarella? 
Kanskje ikkje det ein finn på heilt spontant då, ein må nok førebu seg litt
og må sjølvsagt ha ei interesse og smak for denne gode osten! Det har eg,
eg er ein mozzarellaelskar! Ein kan lage ost med kjøpemjølk men eg trur den
vert best med fersk mjølk. Og kor i all verda har eg lært dette? Jau, på det
store internettet! Fyrst og fremst har eg lest blogginnlegget til 
Matvrakbloggen og så har eg sett nokre filmar på Youtube. 


Her kjem oppskrifta. Gjer alt klart før du set i gong med prosessen. 

4 liter mjølk, gjerne fersk kumjølk
1 1/2 ts sitronsyre
1/3 ts osteløype (kjøpte eg HER)
godt salt
sukkertermometer
holsleiv/fiskeause
sileklede/osteklede
tomme syltetøyglas
eingongshandskar

Eg prøvde meg på 3 liter mjølk i dag og minska då på dei andre ingrediensane. 
Sitronsyre vert rørt inn i 5 ss kaldt vatn i ein kopp. Osteløype vert blanda med 5 ss
vatn i ein anna kopp. Hell mjølk og sitronsyreblanding i ei stor kasserolle. Varm opp til 37/38 grader.
Ha så i osteløypeblandinga, rør godt. Varm opp til 40 grader og set på lok. Eg tok panna vekk
frå plata. Vent så 5-10 minutt før du sjekkar mjølka. Den skal skilje seg og bli til ostemasse og myse. 


Her trur eg det kan variere litt. Min masse vart varmare enn 40 grader såg eg og vart ganske
så fast og fin. Men den kan også vere ei småklumpete masse. 


Ostedama i arbeid, bonden fekk leike fotograf ein liten augneblink. Han sto
nysgjerrig og såg på då eg ausa opp ost og myse over i eit sileklede. Innimellom salta
eg laga med ost i sileklede slik at ostemassen vart salta. Det vart nokre
liter med myse som eg helte over på to syltetøyglas og eit noregsglas og sette til avkjøling.
Eg passa på å presse ut ein del av væska frå osten. 


Så til neste del. Ei ny rein panne fylte eg med kaldt vatn. Eg varma vatnet opp og 
skrudde av då temperaturen var komen rett over 60 grader. Den skal ligge ein stad mellom 50-70 
grader for at osten skal "smelte" og kan formast. Eg delte ostemassen i to og tok ein del 
oppi om gongen. Osten låg oppi vatnet i om lag to minutt før eg fiska den opp med ei
holsleiv. Då var osten seig og formeleg. Då sette eg i gong å dra den ut og 
samtidig forme den inn som ein ball. Handskar måtte eg ha då dette er varmt. 


Ost nummer ein er klar! Rund og fin osteball. 
Eg gjentok det same med resten av osten og temperaturen
heldt seg stabilt i panna heldigvis. 


To steike flotte ostar vart det! På til saman 3 liter fersk mjølk fekk eg 
362 gram mozzarella. Eller Fitjar Vriost som eg og bonden vart einige om
å kalle den! Totalt tok det rett over halvtimen men då var alt gjort klart på førehand. 
125 g av importert mozzarella kostar frå 20 - 40 kr på butikken, avhengig av kvalitet. 
Ikkje dumt å lage seg denne sjølv, litt arbeid og godt resultat vert det! 


Eg hadde så ostane oppi kvar sitt glas med myse og der kan dei ligge nokre
dagar tenker eg. Men det vert nok min spesialitet; italiensk pizza med
Fitjar Vriost og heimalaga god tomatsaus til laurdagskos i kveld! Eg gler meg! 

4 kommentarer:

  1. Fantastisk! Og ikkje verre arbeid enn det?!!
    Må nok prøves engang der fremme i fremtiden når Tysklandsturneen er unnagjort

    I mellomtiden kan eg bare forestille meg den herlige smaken av surdeigspizza med hjemmelaga Tomatsaus og Vriost, skulle nok vært på Sæterbø i kveld

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Vart veldig bra pizza! Og bonden hinta om at eg burde prøve å lage kvitost no, for det åt han jo også :-) Haha

      Slett
  2. Ser jo helt overkommelig ut, og hvor kult er ikke det: Å servere pizza eller gresk salat med sin helt egne ost??

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp! Det er jo ikkje så vanskeleg! Er jo berre førebuing og hoppe i det! Og så lage noko godt av mysen etterpå :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!