søndag, november 06, 2016

Verdas enklaste kjeks!


Er det ikkje tid for julekjeks snart? Vel, det kan no berre vere ei
unnskyldning for å bake. Eg bakar kjeks året rundt! Men det er 
vel litt meir lov på denne tida. Desse kjeksa her er ei svensk oppskrift
og som de veit syns eg godt om kva svenskane finn på. Dei heiter
"syltgrottor" og er akkurat det, grotter fylt med godt syltetøy. 
Dei er kjempeenkle å lage og heilt vannvittig gode attåt kaffikoppen.

SYLTGROTTOR
200g romstemperert smør
5 dl sikta kveitemjøl
1 dl sukker
1 klype salt
Syltetøy

Kjør smør og sukker kvitt. Ha i mjøl og salt og bland til ein jevn deig. 
La gjerne deigen stå kaldt ei lita stund slik at det er lettare å arbeide med den.
Set ovnen på 200 grader. Del opp i bitar og rull til små ballar. Eg laga to brett
på denne oppskrifta men du bestemmer sjølv kor store kjeks du vil lage. Legg
ballane på eit brett og lag ei litta grop med fingeren i kvar. Fyll så med valt syltetøy.
Eg hadde eitt brett med frøfritt bringebærsyltetøy og eitt brett med eplegele. Begge 
to vart geleaktige i konsistensen og knallgode! Steik kjeksa i ovnen i 10-15 min til dei
vert lett gyldne. Nam! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!