torsdag, desember 29, 2016

Året tjueseksten


Kva har skjedd dette året? Mykje. Lite. Det er mange saker å lese
om på bloggen her. Til dømes gjennomgongen av gamlahuset. Som
førebuing til flytting til Sæterbø. Mykje har eg malt og pussa opp, noko
har eg snekra, nokre møblar har blitt trekte om. 
Litt har eg hekla, litt har eg vevd, bittelitt broderi har det blitt også. På 
matfronten har det skjedd forskjellig; vannkefir, surdeigsbakst, kefirmjølk,
forskjellige ostar, heimalaga is og mykje anna. Eg har vore i Allers og i 
nynorskbladet Øyamål. Eg har reist avgårde til store Italia og via landevegen
til Lofoten og svenskeloppisar. Og ikkje minst, eg har plukka forskjellig, teke bilete,
sylta og safta og forsvunne inn i dei fine kvardagsaktivitetane. Og eg har hengt
mykje med fine dyr, og forsvunne inn i det å leve her og no. Så her kjem året 
i bilete, men denne gongen berre med dyr! 


Sol og vår på Eskeland. Hønsa storkosar seg. 


Rottefangst og herremåltid for Frensuren! 


Det har kome mange nye grisar inn i livet mitt! Ingen grisar er skjønnare
enn dei heilt nyfødte, vakre små og rosa byltar. 


Og årets lamb på Eskeland. Alltid noko å vente på, dei fyrste
lamma på bakkane. Akkurat det saknar eg, å ha sauge og å få lamb.


Nokre ender som hadde lurt seg ned under utedoen for å legge egg. 
Og dei måtte hentast opp. 


Eg er vel ikkje heilt for å kle opp dyra sine, men då eg måtte
klyppe Busten om vinteren måtte det til med ei strikkajakke. 


Inge sine siste dagar etter å ha blitt banka og psykisk nedtrakka
av hanane på Sæterbø. Då kom han seg aldri heilt opp att og endte
i grava. Ein av dei mest spesielle dyra eg har hatt det. 


Ein katt som gjerne vil vere med på handarbeidet! 


Kyllingar vintersdagen. Alltid like kjekt! 



Så var det å bli kjend med angusane på Sæterbø. Her har eg ei
stund med sjølve stuten. Som eg etterkvart vart ganske så redd for. 
Så det kjem nok sikkert ikkje fleire slike bilete! 


Me vart så lei av at endene gjekk inn til hønsa, åt opp maten deira og berre 
hang der at me laga til ein eigen liten hybel til dei. Med halm og dam og greier. 
Litt rart å ikkje ha dei gåande rundt, men dei kosar seg der oppe på haugen. 


Og så var det utegrisane då. Ein gong surra Buster seg inn til dei, sikkert på
jakt etter lukta av rotte. Og grisane fulgte med, rett i rompa på han. Det var ein
morosam seanse for å sei det slik. Er nesten som hund møter hund dette her. 


Angusane i haustsol. Ikkje berre berre å kome seg forbi desse her med hund på
veg til ettermiddagsturen nei! 


Gøyale fotoprosjekt. Fyrst kaffi med grisane, så kaffi med angusane! 


Og jordbær til Elvis. Og Elvis endte som mat sjølv i den beste hanegryta!

Fjelltur med mann og Bust i Lofoten! 


Ikkje ein ekte hest, men det næraste eg har vore ein hest i år,
min fine Dalahest! Kjøpt på svensk loppis ja! 


Mange fisketurar har det blitt og frysen full av makrell, sei og anna. Kjekt!


Og enda fleire kosestunder med utegrisane. Med og utan kjeladress! 


Rottemeisterskap på tunet. 


ATV-meisterskap på tunet for kvinner og hund. 


Akk. Alltid like herleg. 


Slevande nøgde kyr på beite! 


Og unghanar som aldri lærte seg å sove innandørs, men
å klatre opp på taket på blåbilen min. Den har framleis skrapemerker,
men så skal den også då på dynga til våren. 


 Obligatorisk blåbærtur med hund og niste. 


Alltid fest når bananane nådde grisebeitet! 

Eigentleg alltid fest for grisane. Ååå, eg gler meg til neste sommar
og neste utegrisar! 

Og eg gler meg generelt til sol att. Ettermiddagssol, kveldssol, solnedgongar,
turar med Frensur og Buster. 


Det vart nokre fjellturar på Frensur i haust, før det vart for mørkt. 


Og til slutt, eit lite hare eller katt?- bilete. 
Nei, heilt klart, eg har menga meg med mange nydelege
dyr i år! Og satsar på at det vert meir av det til neste år også! 

onsdag, desember 28, 2016

Romjul og restefest


Julematen er servert. Utandørs. Den beste heimalaga kålerabistappa
blanda med laks og pastaskruar. Det er fest på plenen og dei skjønne
islandsdamene poserer velvillig framfor kameraet, så lenge maten står
framme. 









tirsdag, desember 27, 2016

Romjulsprosjekt


Endeleg var julemiddagane ete opp. Og stormen Urd hadde lagt seg. 
Eg ville ut og putle på litt, slik at fridagane vert nytta til noko kjekt noko! 
Eg hadde nokre alternativ til prosjekt, og valet falt på den gamle kommoden
som eg tidlegare har henta frå garasjen oppe på Sæterbø. Jau, flaut å seie
det, men eg henta den i sommar, men eg lova bonden å ikkje sette i gong 
med den før eg var ferdig med kjøkenet. Og kjøkenet tok jo si tid og
då var eg jo i gong med andre ting, og så jobb og så gjekk hausten gitt. 
Men eg har langt i frå gløymd den, den har lagt der bak i hovudet mitt! 
Kommoden er skikkeleg heimalaga, som det meste jo var før i tida. 
Men ein ser det verkeleg på handtaka på skuffene, som rett og slett
er spikrar, enkelt og sjarmerande. Men før kommoden skal inn i hus så 
trengte den ein vask og før vask må den ryddast. 
Skuffene var fulle av all slags rusta ditt og datt. Mykje skrot og nokre
sjarmerande ting. Eg tok vare på nokre få ting, sjølv om eg ville gjerne
ta vare på mykje meir. 


Litt hudkrem nokon? Tørr i kjakane? 


Ein bitteliten hestesko og ei herleg rusta skei. 
Rust altså, så flott det kan vere. 


Ein gammaldags hengelås med tilhøyrande, men øydelagt nøkkel. 
Og ein knapp. Med rusta bakside. 


Små rare skattar. 


Søte små skuffer i ulik storleik med herlege handtak. 
Då var nytt prosjekt i gong! 

Årets kjekkaste julepresang


For det kjekkaste er jo å gi gi presangar! I ei tid der ein har alt ein treng
og meir til så gir eg ikkje og får ikkje så mange julepresangar. Det går mest
til dei yngre i familien. Men husbonden måtte få seg litt han trong, blant
anna denne koppen. Den øverste koppen er ein original mummikopp i svart-kvit,
den nederste er ein Iittala Teemakopp, som altså er den originale designkoppen
til mummikoppane. Og den har fått nokre svarte strekar og bokstavar på seg, til
ære for min mann. Som har fått invadert kjøkenet sitt med alle slags fargerike
mummikoppar og anna og som innimellom tek fram "ein av sine gamle koppar" 
med blant anna Nortura-gris på eller kanskje Senterpartietlogo på.
Men no har han fått seg sin heilt eigen litt anonyme og svart/kvit kopp til 
berre sin krutsterke og koffeinfrie kaffi med mjølkeskvett i. 
Og eg storkosa meg med prosjektet. 


fredag, desember 23, 2016

Og så var det jul


Og der var ho på ny. Jula. Den som kjem altfor fort, og som kjem altfor seint. 
Eg har blanda kjensler for jula, jul er ikkje noko eg forbinder med
familieglede og kos nødvendigvis. Heller kanskje meir eit ønskje om det,
ei forventning om det, eit pressa forsøk på det. Så før jul
får eg svingande kjensler, både trise og fortvilte og glade om kvarandre. Og eg veit
ikkje alltid heilt kor eg skal gjere av meg. Og eg trur det er mange som har det slik.
Om ein så har hatt gode juletider eller dårlege, om ein skal feire vekke frå
det ein er vant med eller skal feire utan sine kjære. Me er så kjenslevare
i jula, både store og små. Jakta etter julekjensla, lengta etter julesnø 
når det berre regnar, lengta etter roen når kroppen er rastlaus, jaget på alt som
skal gjerast samstundes som at ein skal vere så lukkeleg og juleglad, presangar
som skal kjøpast til den som eigentleg ikkje treng noko som helst, alt dette
som svingar i oss. 
Til tross for at jula er både fin og vanskeleg så set eg faktisk pris på at ho
dukkar opp, midt i den verste mørketida. For tenker du på det? Det er no
det er som mørkast, det er no me får lite dagslys og vert meir trøytte, men
det er no me tenner lys, held oss travle, putlar på, har noko å sjå fram imot. 
Og så kjem det julefri, for mange av oss i alle fall, og det er alltid godt. 
Har til slutt krydra teksten med nokre ting eg har putla på med den siste tida,
eg har nemleg ikkje hatt det så travelt, men kost meg med småprosjekt som 
eg likar godt. Og med littegrann juleinspirasjon, og det-er-greit-å-ikkje-alltid-
berre-vere-glad-og-nøgd-i-jula-tankar så ynskjer eg og bloggen gode juledagar
til alle lesarar der ute! 


Honninghjarter, pynta med sjokolade. Fyrste runde forsvant fort,
så måtte det til ein runde til. Oppskrift ligg på bloggen. 


Brød. Akk, eg kosar meg sånn med brødbakst. Og surdeig altså, 
herleg bakst! 

Karamelldrops, den store hiten i år. Her før dei vert dryssa med
melis slik at dei ikkje klenger seg på kvarandre. 
Her går alle og hentar seg ein drops i ny og ne! 


Fransk nougat. Ikkje smakt det? Det er knallgodt! Og eg har hatt lyst
til å lage det i mange år, jommen sidan eg var rundt 19-20 tenker eg. 
Men fyrst no kom eg i gong, sidan glukosesirupen sto i skapet. 
Veldig morosam oppskrift og utruleg god på smak! 



Det vart visst nokre møbelprosjekt også. To barkrakkar kjøpt
på ein bruktbutikk. Eg er ikkje så glad i nye barkrakkar, eg likar
best mine gamle krakkar, men desse var ok og bonden min treng
helst støtte i ryggen under måltida på kjøkenet. Og desse kunne eg 
trekke om! I blått snodig stoff frå Ikea, som eg kjøpte brukt i fjor. 
Om ein ikkje går 100% inn for heilt perfekt omtrekking så går det
faktisk ganske fort å trekke om ein stol og det vert ganske fint også!


Og eg har fått vaska litt. Ikkje superseriøs og plagsam 
julevask, men eg har vaska vindauge (!), på ein fridag
altså, ikkje etter jobb (puh), og det var herleg! Og gjøkuret
har også fått seg ein real julevask. 


Småfuglane har fått seg nye julepresangar i form av
fett med mykje godsaker i. Den beste fuglematen lagar ein
sjølv og det vert fest utandørs! 


Og til jul får eg gjerne for meg å tørke appelsinskiver. 
Då tek eg fram mandolinen min, altså eit kjøkenreiskap
til å skjære fine skiver med. Og det slår ikkje feil, kvar einaste
gong eg brukar det jernet så skjærer eg også av litt av ein finger. 
For eg kjem ikkje på å bruke beskyttelsen før etterpå. 
Og med bandasje på fingeren, appelsinskiver i ovnen, deilig 
lukt i huset, treet på veg inn og pynten på veg ut frå boden,
radioen på, grisestaken som eg malte grøn til advent har visst plutseleg 
blitt knall juleraud og spreier svensk og norsk juleglede
på kjøkenet, tre ungar framleis i senga til tross at klokka snart
er ti, mykje godt i boksar og glas og i kjøleskapet og på verandaen
og eg skal snart lage karamellpudding for andre gong i livet (ja,
eg har vore skjemd med at andre lager dette) så var det plutseleg jul.