tirsdag, desember 27, 2016

Årets kjekkaste julepresang


For det kjekkaste er jo å gi gi presangar! I ei tid der ein har alt ein treng
og meir til så gir eg ikkje og får ikkje så mange julepresangar. Det går mest
til dei yngre i familien. Men husbonden måtte få seg litt han trong, blant
anna denne koppen. Den øverste koppen er ein original mummikopp i svart-kvit,
den nederste er ein Iittala Teemakopp, som altså er den originale designkoppen
til mummikoppane. Og den har fått nokre svarte strekar og bokstavar på seg, til
ære for min mann. Som har fått invadert kjøkenet sitt med alle slags fargerike
mummikoppar og anna og som innimellom tek fram "ein av sine gamle koppar" 
med blant anna Nortura-gris på eller kanskje Senterpartietlogo på.
Men no har han fått seg sin heilt eigen litt anonyme og svart/kvit kopp til 
berre sin krutsterke og koffeinfrie kaffi med mjølkeskvett i. 
Og eg storkosa meg med prosjektet. 


4 kommentarer:

  1. Så utrolig fin koppen var, og ikke minst bokstavene. (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk! Ja, den vart snodig og søt! :-) Som mannen sjølv :-)

      Slett
  2. Du har tegna motivet og tekst og alt sjøl du!
    Ble kjempefin

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Må ærleg sei at eg har teikna etter eit bilete eg fann av mummi på nettet, var veldig vanskeleg å få til rett form på friteikning! Men bakken og blomar er berre meg, og bokstavane også;-) Han brukar koppen ofte, så god presang!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!