onsdag, desember 07, 2016

Drops til jul!

 Sitrondrops med herleg gulfarge

Bringebærdrops med knæsj raudrosa farge!

I fjor prøvde eg meg på drops. Det vart ein suksess! Skikkeleg gøy og 
skikkeleg godt. Eg tok vel litt av og prøvde mange ulike smakar. 
Noko vart vellukka og noko ikkje, men det er jo slik ein lærer! 
I dag held eg meg til trygge smakar og så får eg sjå om det vert
meir eksperimentering seinare. Både smakar og fargar får
du tak i på Panduro Hobby eller CC Hobby og sukkertermometer
må ein ha. I fjor nytta eg vanleg sirup og sukker, men i år avanserer eg 
til å prøve med glukosesirup i staden for vanleg sirup. Den fekk eg 
jommen meg tak i på ein Coop Obs-butikk i Haugesund i sommar. 
Altså stor og fyldig matbutikk gir håp om å finne denne. Det skal vere
mindre sjans for at den krystalliserer seg og skal forhåpentlegvis
tåle meir av fukt og ikkje klistre seg så mykje. Her kjem oppskrift,
den fann eg her som basisoppskrift og justerte litt sjølv etterkvart. 

Deilige drops! 

450 g sukker
125 g glukosesirup
1 dl vatn
1 1/2 ts smak 
10-15 dropar farge

Gjer alt klart før du byrjar. Finn fram silikonmatte eller
bakepapir, hell på litt nøytral olje. Ha ei plastredskap klar som
til dømes ein bakespade. Ha smak og farge klart i eit lite eggeglas.
Ha så eit bakepapirark klart til å legge dropsa på. Ha også klar
ei saks og to eingongshandskar. 
Smelt sukker, vatn og sirup over høg varme. Skru littegrann ned. 
La massen koke jevnt til den når ca 155 grader, då byrjar den å 
få litt farge. Ta så raskt av plata, ha i smak/farge og rør raskt rundt. 
Hell massen på på matta/bekapapiret over olja og velt den rundt
med bakespaden. Med handskar på, for dette går fort. Etterkvart
tjuknar massen, del den i to og start med å bearbeide eine delen. Dra
den ut til ei lang pølse og klypp raskt i bitar. Legg bitane på
nytt bakepapir med luft i mellom kvar av dropsane. Avkjøl!
Desse skal som sagt ikkje klistre på samme måte, men det kan
no vere greit å tørke av overflødig olje og drysse dei i melis. 

1 kommentar:

  1. Tips om det er noe som er vanskelig å få tak i: Bakeshop har det meste, og sender raskt. http://www.bakeshop.no/
    Hadde butikk i Bergen før, men har nå kun nettbutikk.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!