onsdag, desember 07, 2016

Enda eit innlegg om mozzarella!


 Sjå kor gøy! Har du ikkje lyst til å prøve? 


Rein ostemasse, klar til å få salt i seg. Og klar til ostebadet før deilig
massasje slik at ein mozzarella vert født. 


Mine finaste ostar til no! Denne gongen testa eg ut å vakuumpakke ostane
og ha dei i frysen. Må berre sei, laga ein miniball berre til smak, og steike
meg det var godt! Perfekt salta, deilig mjølkesmak, heilt noko anna enn
desse billege kjøpeostane som gjerne er vassne og smakar lite. 


Etter ei veke i frysen tinte eg nokre ostar og laga klar to surdeigspizzabotnar,
heimalaga pizzasaus med squash, lauk og tomat (nam!), raudlauk og 
pepperoni. Enkelt og godt fyll. Arg, om me hadde laga pølsa sjølv også..
og dyrka lauken sjølv. Det hadde vore stas! Men ganske stas dette også!


Sjå kor osten ligg perfekt, i lange trådar mellom stykkene. Heilt
nydeleg pizza, stor mestringskjensle med heimalaga ost på pizzaen
gitt! Og dette er jommen ikkje siste gongen mozzarella vert laga nei! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!