søndag, desember 18, 2016

Herrrrlege larudagsboller!



Boller altså. Aldri eit ferdig tema. For det fins så mykje godt i boller. 
Så mykje glede i boller. Så mykje nyt i boller. Og ei bolle i ny og ne 
skal me unne oss! Her kjem oppskrift, sjølvsagt med Morten Schakenda
si grunnoppskrift og litt frå meg:

Boller med karamell og kvit sjokolade

1 kg sikta kveitemjøl eller speltmjøl
5 dl mjølk
25 g gjær
150 g sukker
10 g salt
10 g kardemomme, gjerne nymala
1 egg
150 g smør
1 egg til pensling
 Romvarmt smør, demererasukker/brunt sukker, 100-200 g kvit sjokolade

Denne gongen nytta eg faktisk kjernemjølk, etter å ha laga smør, som
væske i deigen. Det anbefaler eg! Men vanleg mjølk går veldig bra! Har du
lite tid så bruk 50 g gjær og kort ned hevetida. Kardemomme får ein tak i
som heil i nokre butikkar, særleg internasjonale. Knus svarte frø i morter
og det vert ein heilt annan smak enn den ferdigmalte. 

Bruk kjøkenmaskin til denne deigen. Bland saman alt det tørre, mjølk, gjær
og egg i maskinen. Avvent med smøret. Elt deigen i 15 minutt. La den kvile
i ein time under plast. Ha så i smør i terningar og elt godt inn i deigen. 
La så deigen kvile under plast i 2-3 timar. Kjevle ut deigen til eit stort
rektangel, smør på romstemperert smør, dryss over demererasukker eller brunt
sukker og hakka kvit sjokolade. Rull til ei pølse og skjær skiver. Det
vert til saman 18 boller av god storleik! 
La to brett med boller, dekka med plast, heve til dobbel storleik. Pensle
med samanvispa egg og dryss lett over med litt sukker før
du steiker dei på 175 grader i om lag 20 min (eller til dei vert
lett gyldne). Avkjøl lett og et varme med eit stort glas kald mjølk! 



4 kommentarer:

  1. Mmm! Syns eg kjenner smaken..

    Klem fra meg

    SvarSlett
  2. (Heldigvis gjelder ikke Winters bolleforbud utenfor Snøfall... )
    Vann i munnen! (",) Lagde boller med fyll av kvit sjokolade og revet marsipan i vår - fantastisk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha. Nei, heldigvis for det! Og 2017 må bli eit år fylt av mykje gode boller! :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!