torsdag, desember 15, 2016

Jul i Sæterbøheimen



Ei lita julehelsing. Frå eit lite julehus. Jau, frå eit flott lite kvitt
hus til eit raudt hus, som ei svensk sommarstuga eller eit peparkakehus.
Då eg traff bonden min var dette beige eller lysbrunt. Udefinerbar farge. 
Og det trengte ny maling. Så då la eg inn eit godt ord for raudt. Dette huset
passar så mykje betre raudt. Med kvite karmar. Og særleg no. 
Til tross for at ikkje vinteren med snø og kvitt landskap rundt huset
har kome så lyser det allikevel opp. Og er som eit lite koseleg hus å
sjå frå den vante turløypa mi, oppanfor huset og opp på Eggjane. 
I fjor feira eg jul her med bonden. I år feirar eg med hans familie, 
i vårt hus, ikkje berre hans. No har eg fått sett mitt preg og no kjenner
eg meir på lysta til å pynte opp og gjere det koseleg for oss og for
jula sine gjestar. Og i år, merkeleg nok, er eg meir glad i raudt. Kanskje
er det husfargen, kanskje er det påverknad frå alle dei svenske blada
eg kosar meg med, med raud jul. Uansett så kjenner eg at eg er litt i endring. 
Og det er vel heilt naturleg, frå å bu åleine så bur eg med mann og ein gut,
og innimellom to kjekke jenter. Livet har verkeleg forandra seg. 
Gamlahuset vil eg stikke innom. Etterkvart vil eg stelle og ordne litt der. 
Men eg har så god tid, heldigvis for det. Kanskje vert det julefeiring der
også eitt år. God førjulstid og god raudfarge til dykk der ute! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!