søndag, desember 18, 2016

Perletid!






Har du perla? Ikkje berre som barn eller ikkje berre saman med
ungar? Det er faktisk ganske koseleg å putle på med. Reine 
mindfulness er det. Sortere ut perler, legge på plass. 
Lage mønster. Eg perla litt før jul i fjor, det var skikkeleg
herleg. Og no, når det nærmar seg jul att, er perlene framme
på spisebordet att. Kva det vert denne gongen vil tida vise, men
fyrst ut vart det små skilt til dører i huset. 


Ein gammal hermetikkboks eg fann langs vegen opp til Sæterbø.
God gammal type som berre trengte ein liten kattevask. Så eit enkelt
avlangt skilt inni og litt skrift. På døra til soverommet vårt. 
I gamlahuset har fleire rom namn, og det tenkte eg var koseleg å
vidareføre her også. Så no søv me på Kvisten. Husbonden og husmusa.
Husmusa? Eit uttrykk eg fann i eit svensk blad, det tyder ei som 
putlar på i huset, ikkje berre av plikt men av kos. 


Toalettskilt. 


Og eit litt sprekare toalettskilt til badet oppe. 


Og eit litt fargerikt skilt som får henge oppe så lenge det er behov.
For det er ikke alle som lukkar døra til badet og då fer varmen
ut. Så då treng ein eit lite skilt gitt! 



2 kommentarer:

  1. Haha!
    Nå fekk eg meg ein god latter.
    Så herlige dørskilt!

    Klem fra ei anna husmus :-))

    SvarSlett
    Svar
    1. Du kjenner deg att i husmus ja? ;-) Får lage deg eit skilt du også då :-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!