onsdag, desember 14, 2016

Smør!





Ein gong i blant lagar eg smør. Det er verkeleg enkelt og smakar veldig godt,
særleg når det er heimalaga! Har laga smør av seterrømme og det gir eit syrleg
godt smør som er knallgodt på ei fersk skive. Denne gongen tok eg rett og slett
og "skumma fløyten av mjølka". Eg har ikkje separator og har gjerne lyst til å prøve
meg på det ein gong, men førebels så testar eg dette. Når mjølka står litt så ligg
fløyten i tjukt lag på toppen. Eg lurte meg på om eg klarte å vispe ho til krem, 
for eg trudde kanskje eg hadde fått litt mjølk i ho, men jommen gjekk det. 
Når fløyten var krem tok eg oppi seterrømme og vispa lenge vidare til
det skilte seg. 


Ein god klump smør vart det og det var berre å klemme ut all væske. 
Kjernemjølka som kjem ut er greit å ta vare på og bruke i bakst. 


Så tek eg oppi salt som eg masserer inn i massen. Det som er fint med dette
er at ein kan bestemme sjølv saltmengda. 1% smør er på nivå med Tine Smør.
 2,5 % smør gir salt og smaksrikt smør, men er dumt om du skal passe på
saltbehovet ditt.  Ta då til dømes 1 g salt per 100 g smør. 



 Så er det berre å rulle det saman og pakke det inn i bakepapir og ha
det kaldt. Gjerne fryse ned og ta opp til jul! 


Og mens eg laga smør fekk Frensur ta oppvasken! Han er litt bortskjemd
på slikt. Innimellom får ha ein slant fersk kumjølk også, då er han i godlage
etterpå ja!


Busteren vil og vil men får ikkje. 


Nesten som Emil dette! 
Godt smør, gode kjakar og godt liv! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!