søndag, desember 18, 2016

Svensk julelysestake!


Her kjem ei sak om eit prosjekt eg har kosa meg med den siste veka. 
Eg, som dei siste åra har unngått raudt i julepynten, kanskje fordi det
har vore vel mykje av den og eg har også hatt nok av raudt i livet (les:
min raude periode i starten av tjueåra).  Men no kjenner eg at raudfargen,
sikkert etter påverknad av mine avlsappande svenske interiørblad, er
på veg inn i jula hos meg. 


Denne heimalaga lysestaken fann eg til ein tiar på bruktbutikken
på Husnes. Den minna meg om desse svenske fine lysestakane og
det måtte den få bli her også. Det som var synd var at den berre hadde
plass til små juletrelys som brenn raskt ned og der talget
nok vil dryppe ned på bordet. 


Den fekk seg fyrst mange lag med raud maling frå boks. 
Blank og raud og fin. Så hadde eg meg ein visitt på halv
pris på alt av juleting på nlm gjenbruk og fann meg
to adventslysestakar. Den eine kunne eg eg lett knekke av
lyshaldarane, den andre måtte sterkare krefter til. Så
vart dei også malte raude, bora hol i gjennom og
så skrudd fast til staken. 


Og der! Ein stake som ingen andre har lik! Laga av tre
andre stakar og ein boks maling. 


Eg får nok kjøpe meg lysmansjettar men førebels får
aluminiumsfolie halde.  Og eg kjende på gleda av å
få til ein skikkeleg raud og fin stake som kan 
stå med tende lys i jula! 








4 kommentarer:

  1. Såå fin! Og rød. Den kler fargen og minner om de røde kulelysestakene vi hadde i barndomsheimen og som mor tok fram til jul.

    Veldig kjekt prosjekt og en helt unik lysestake.

    Klem fra meg

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den vart veldig raud og koseleg og julete! Takk!

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!