søndag, august 20, 2017

Seinsommartur



Eit bær i handa er betre enn ti på taket! 
Me kom oss endeleg vekk på ein liten miniferie
no i helga. Sommaren har vore annleis, me har vore på 
kvar vår ferie, eg har vore sjuk og bonden har vore travel. 
Og det er noko godt med å kome seg vekk frå si eiga stove,
ha ei helg utan TV og lite nettbruk. Me hadde nok ikkje vêret
på vår side, men kven har no det om dagen? I alle fall tok me
sjansen på å plukke blåbær. På Rullestad var det ingenting, der
fann me mykje for to år sidan. Oppe på Seljestad fann me litt
bær langs vegen men gjekk me bittelitt opp i skråninga byrja
det å kome meir og meir kart. Så litt for tidleg ute, men det
vart no 2-3 liter med blåbær, krekling og litt kart sjølvsagt.


Bonden fekk for seg å bitta Busteren og Mille i saman. 
Hans teori er at Busteren kan jo stikke av, men ikkje med
Mille rundt, ho stikk jo aldri av. Og ho ville dra han med.
So stemte det. På vegen gjekk det greit men når me gjekk i
litt terreng var Mille rask og fekk jommen meg fart i Busteren.
Han er tjukk og grei og treng absolutt trimmen. Så sjølv
om det vart roleg gåing for oss tobeinte så fekk dei sprunge
litt i lyng og myr. 


 Alltid i nærleiken av oss altså. Og vips så sette dei seg fast. 
Dei heldt seg med oss heile tida når me plukka bær. 
Busteren likar ikkje bærplukking, han kjedar seg, men
han slappar av med det etterkvart. Mille er ei lita tålmodig
sjel som vil vere der det skjer, og likar godt både blåbær og 
bringebær. 



Eg finn meg alltid nokre vener til fjells. 
Ein kontaktsøkande saug med eit svært
lamb som har ete godt gjennom sommaren. 



Haustlege fargar byrjar også å kome. Mykje molteblad på
myra, men ikkje eit bær å sjå. Me har pleidd å gå eit godt stykke
innover for å finne molte, men det vart ikkje denne gongen. 
Og så var det faktisk kaldt og surt til å vere ein tredjedel inn i
den siste sommarmånaden.


Etter middag og ein kvil kjende eg rastløysa prikke i kroppen. 
Me hadde tidlegare observert ein del bringebær og dei visste
eg at eg måtte berre plukke. Det viste seg at det var meir enn eg
trudde, nokre bærbuskar langs ein veg som nok har fått godt
med gjødsel på seg og fått vakse seg frodige. Fullt oppkledd
i ull og fleece og regnkler, og med podcast med både Sommar i P2
og Yoga Girl så storkosa eg meg med min favoritt innan sommarsysler. 


Våt og god, etter å ha overlevd to timar sitjande inni buskar og
plukke. Og sjå fangsten! Trur det må vere over tre liter, ganske store
og fine villbringebær. Bonden måtte hente meg på kveldinga og då
var eg ganske så sliten gitt, men når det gjeld plukking kan eg putle
på ganske lenge i trangen til å berre ville plukke meir. Og eg måtte
gå frå mykje meir bær som eg håpar nokon andre vil forbarme seg over! 
I dag har me køyrd gjennom Hardanger og berre kjøpt oss av naturens
goder; epler, pærer, plommer og moreller. Og det er ganske så fint det
også. Ein ny fin sesong me går i møtes no! 

onsdag, august 16, 2017

Gulrotgraspesto


Her kjem ein gøyal ting. For då eg var på Dyrskun for to år sidan var Han Sylte 
invitert som gjester i utsalget og dei hadde reist heilt i frå Valnesfjord som ligg aust
for Bodø. Og dei hadde spesialisert seg på gulrotmarmelade og for å bruke heile
gulrota så laga dei også gulrotgraspesto! Den var heilt nydeleg og eg kjøpte med meg
eit glas. Dessverre kom dei ikkje att til Dyrskun i fjor og eg kom tomhendt heim. 
Men etter det hadde eg bestemt meg for å prøve å lage dette sjølv. Og i går drog
eg opp to store gulerøtter og heiv graset i ein food prossessor, tilsatte
ei neve med valnøtter (gode i pesto dei), ein liten skalk parmesan og nokre terningar
med kvit geitost (salatost), litt salt, litt honning og olivenolje. Ingen 
reine mål på ingrediensar her i garden nei, men ynskjer du å prøve dette
så smak deg berre fram! Kvitlauk hadde eg gjerne også hatt litt oppi hadde
eg hatt det tilgjengeleg. Og ein liten sitronskvis. 


Det vart grønsaker og dip her til kvelds i går. Ein skikkeleg grøn (og gul) tallerken.
Er ikkje alltid så sunn her i garden altså, men av og til slår me til!


Stolt hobbygrønsaksbonde med dagens skörd, eg likar det svenske ordet
der. Agurken låg litt gøymd og eg vart skikkeleg glad for å komme over den. 
Gulerøttene var eg vel litt uheldig med i år då eg tok litt vel for meg då eg
skulle renske ugras, men heldigvis vert det noko gulerøtter av det! 
Tomatene er det ikkje plenty av, det er nok grunna at eg ikkje har vore flink
nok til å knipe av snikarane og at eg ikkje har alltid kome på å riste litt
i plantene (pollinere). Men er obs no! Hovudet har ikkje vore heilt på plass
i sommar, får skylde på det! Men sukkerertene derimot! Steike meg så store
og flotte! Og gode! 
Og ja, det er august, eg vandrar rundt i ullstillongs ;-)

søndag, august 13, 2017

Naturens under



Når slike små kjem til verda. 
Me mista mange kyllingar i fjor. Og planen
var å bygge eit nytt hønsehus fritt for rotter. Men verken
tid eller energi har rukke til det. Så no har i alle fall eg
og guten i huset bygd eit enkelt kyllingbur oppe på 
veggen i hønsehuset, av ei liggande tom kommode med
hønsenetting rundt, slik at ingen rotter kjem til. 
Og i går klekka egga som to klokser har lagt på i 
nokre veker. Av sju egg kom det seks kyllingar, det
siste egget var rote og har sikkert ikkje fått nok varme heile
vegen. Og så er det desse islandskyllingane då, små kunstverk
i seg sjølv! Fint "sminka" med eyeliner langs med augo. Og alle
er heilt forskjellige. 


Og så eit lite badebilete til slutt. For i dag oppdaga eg heilt tilfeldig
at den eine kloksemora hadde noko rart i ansiktet. Det viste seg å 
vere masse små egg. Frå lus/midd. Då vart det rett i grønsåpebad og
litt forvirra og kald som ho vart så måtte det til med eit opphald på
varmekablar på badet. Ho låg fyrst stille ei stund og så farta ho litt
rundt og daude lus/midd låg rundt om kring. No får me berre krysse
fingrane for at eg har teke knekken på dei men det er også ofte ein
grunn til at midd/lus set seg slik, då er høna kanskje ikkje heilt i form. 
Dette er den finaste høna me har så eg håpar det går bra!

søndag, august 06, 2017

Aldri ein sommar utan bærmuffins!


Sjølv om kreativiteten generelt har vore fråverande i sommar
så har den så vidt surra seg litt innanfor matfeltet. Ååå så glad eg
er for det! Eg lev og åndar for kreativiteten min og opplev både glede
og meistring av mine små prosjekt. Gull verdt! Ute er det bringebær
og eg prøver å få plukka litt annakvar dag. Hin dagen fekk eg plukka
både rips og bringebær langs med turruta mi, jau, eg veit om ein ripsbusk
som står forvilla ein stad, og eg seier ikkje kor den er ;-) Og ei korg jordbær
(frå austlandet) kom eg over på den lokale Sparen her. 
Denne muffinsen har både raude bær, malte mandlar som gir littegrann 
tyggemotstand og bitar av kvit sjokolade i seg. Så både søtt og syrleg.

Årets bærmuffins 2017

3 egg romtempererte
2, 5 dl sukker
1 dl malte mandlar
4 dl sikta kveite eller spelt
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
200 g smør
3-4 dl bær 
50 g kvit sjokolade

Visp saman egg og sukker til luftig eggedosis. Smelt smør
og la det kjøle seg litt ned. Vend inn malte mandlar, mjøl,
bakepulver og vaniljesukker samt litt og litt smør om gongen.
Vend forsiktig inn både bær og sjokoladebitar. Eg nytta rips, bringebær
og jordbær i bitar. Men både solbær og blåbær vil passe i denne 
oppskrifta. Fyll små muffinsformer og steik på 200 grader i ca 12-15
minutt til dei er lett gyldne. Kjøl lett ned og nyt ein lunken muffins
til eit kaldt glas mjølk! 



Bringebærland



Fyrste turen til Eskeland på lenge, det var ei gravferd som 
fekk meg "over fjellet" og eg måtte ta ein liten tur oppom
og sjå. Sidan eg ikkje har fått vore her i sommar så håpar
eg på nokre fine stunder her i haust når formen forhåpentlegvis
er på veg opp att! 


Førre gong eg var her så sette me opp gjerde rundt inngongen
slik at saugene ikkje skulle ha fest her. Men gjerdet har nok dei
tulla til og det har blitt fjerna. Og rein skitfest har dei hatt rett
utanfor fininngongen til og med! Sånn kan det gå å ha eit hus
midt på ein gard og ikkje kunne sjå til huset så ofte. Eg stressar 
ikkje med det og skjemst heller ikkje, sånn er gardslivet! Det vil 
no bli reint og fint att skal du sjå!


Ein tur oppom soverommet for å sleppe inn litt luft og sjå utover, den finaste
utsikta. 


Og hagen, den var heilt fylt av bringebær! Det vaks fram nokre buskar i forfjor
og eg hadde ikkje hjarte til å fjerne dei. Snilt ugras det spør du meg. I fjor
sommar kom det nokre fine bær på dei, men i år, då møtte dei meg
med svære bringebær til den store overraskelse! Trur kanskje nokre fuglar har
spredd med seg nokre bringebærfrø frå tamme bær på Førland kanskje?
I tilfelle, tusen takk Guro og fuglane!


Dei var akkurat plukkeklare og det var berre å finne fram eit litermål
som altfor snart vart fullt. Og så var det å plukke oppi ei blomepotte. 



Så kom regnet og eg måtte reise avgårde. Bæra var for fine til å syltast og saftast
og vart fryst ned heile til kva no matprosjekt dei vil bli nytta til. 



Så i år vert Eskeland omdøypt til Bringebærland, om så midlertidig. 

Råsaft av rabarbra


 Her planta me om nokre røter med rabarbra i eit traktordekk i vår. 
Og dei har fått gjødsel og vatn og luft og kjærleik men har brukt tid
på å vekse seg til. Me har difor berre plukka inn nokre stilkar om gongen
og det trur eg er ganske så lurt, for røtene har fortsatt å gi næring til
nye stilkar og nylig var den så frodig og flott att som aldri før. 



Eg plukka inn ein del Stilkar hin dagen, framleis står det
nokre att. Og sjølv om me har bikka august så er dei ikkje
trevlete, kanskje små parti på nokre av stilkane berre. 
Tidlegare år har eg plukka inn store mengder med rabarbrarestar
uti juli og kokt saft av dei. Den er god den, men eg vert kanskje
litt lei den, så no vart det råsaft i staden for. Og når eg då har fått
laga min eigen myntehage, vel eit kraftig myntebed har det blitt, etter
at eg har fått nokre røter frå Elisabeth  tilsendt i posten (!) og delt
opp to typar mynteplanter som eg kjøpte på hagesenteret i vår, gjødsla
og plukka inn toppskot og gitt luft og kjærleik der også så bugnar det
av mynte! Og den er det også kjekt å kunne bruke til noko! Så
her kjem ei herleg oppskrift av rabarbra, mynte, sitron og ingefær
og ikkje minst luft og kjærleik i ei herleg saft!

"Hilfigens myntehage"

Herleg råsaft av rabarbra og mynte

ca 10 gode stilkar av rabarbra
ein stor neve mynteblad
tre sitronar
valfri mengde rå ingefær
1,5 kg sukker
1,5 dl vatn

Ei ny eigenmekka oppskrift. Som eg lova å legge ut på bloggen om
den vart bra, og det vart den! Kok opp sukker og vatn og press
tre sitronar for saft og ha oppi. Lat det kjøle seg ned. Skjær rabarbraen
i tynne skiver og ha oppi ei stor skål eller panne. Skjær nokre tynne skiver
av ingefær, eg nytta to skiver men kunne hatt litt meir i. Berre pass på at
det ikkje vert for mykje for då vil smaken dominere heilt. Eg skjærte også
av skalet på sitronene mine då dei ikkje var økologiske. Og dryssa over
mynten. Helte over sukkerlaken og rørte nokre gongar. Sette så 
saftblandinga på kjøla der den sto i tre døgn mens eg stakk innom
og rørte rundt nokre gongar.



Silte så av safta og helte den over på flasker og glas, til
nedfrysing. 


Safta vart skikkeleg god med herleg smak av rabarbraen og mynte
og ein bitteliten sting av ingefær. God med både vanleg vatn og 
kolsyrevatn oppi, reine drinken vart det! 





tirsdag, august 01, 2017

Enkel is på pinne!



I sommar skulle eg lage ein del is var planen. 
Vel, mjølkebøttene har fått hol i seg og hønene ligg
 på egg og dei andre hønene deler ikkje flust av sine
egg. Og endene låg på sine egg som eg fekk kasta då me
jo ikkje har andrikk her. Og då vart dei snurt og har ikkje servert
oss eit einaste godt andeegg etterpå. Og så har rett og slett
ikkje orken vore der til å styre på med ismaskin heller. 
Lang og tullete intro her, men sjå her då, eg fekk jo laga
nokre ispinnar i sommar, ikkje med mjølk og egg som 
planlagt då, men av noko anna godt! Få ingrediensar og 
mange variasjonsmulegheitar. Og både bonden og guten
i huset likte dei, men dei var vel mettande og passar kanskje
betre som eit lite ismåltid enn ein dessert :-)
Eg har tidlegare kjøpt former på Ebay men du finn også
tak i former i ulike nettbutikkar eller bruk vanlege saftisformer. 

Bananis

Naturellsmak
ca 4-5 passeleg store bananer
150 g peanøttsmør (gjerne grov)
1 ts godt vaniljesukker

For sjokoladesmak, tilsett:
2 gode spiseskeier kakao (gjerne rå)
2 ss lønnesirup/honning

200 g mørk sjokolade
1 ss kokosolje/rapsolje

Køyr rett og slett ingrediensane glatt med stavmikser, med
matmølle eller food prosessor. Fyll på former og frys ned. 

Ta opp av frysen og ta ut av formene. Smelt sjokolade i olje og
springle over. Ta gjerne ei side om gongen, la sjokoladen stivne,
ta så neste side. Legg ispinnane i ein boks eller pose og ha tilgjengeleg
i frysen! 

Obs!
Mange mulegheitar her! Kutt ut peanøttsmør og køyr på med ulike
bær eller frukt. 




onsdag, juli 26, 2017

Bærsommar


Om det ikkje skjer så mykje ein sommar, tek du frå meg bærgleda så 
tek du frå meg sommaren! Så bær, plukking, små sylte- og safteprosjekt
er gull verdt for ei bondejente. Som nesten har fått dette inn i 
oppdragelsen vil eg no sei. 


Eg har ikkje vore til Eskeland enda så eg veit ikkje korleis det står
til der. Men me har ein liten busk her i hagen og den ga litt bær
frå seg i år. Forhåpentlegvis enda meir til neste år! 


Jorbæra våre har me no berre plukka etterkvart. Her er ein liten handfull
snacks til teppet i hagen i sola. (Der eg ikkje vart liggande så lenge før
kleggen åt meg opp!)


Ferdig hylleblom- og jordbærsaft klar til siling. Så enkelt å lage og
sikrar herleg sommarleg drikke til resten av året. Me blandar det
med kolsyrevatn og det vert reine brusen eller drinken om du vil.


Bringebærtid. Dei poppar opp rundt om kring. 



Kvart år pleier eg å kjøpe lokale jordbær på torget og lage syltetøy. 
I år har eg ikkje vore på torget gitt, og høyrer rykte om at det ikkje
har vore flust av bær i år. Men fekk tak i nokre bær frå Hedmarken
på den lokale Sparbutikken her, litt dyrare, men angsten for å ikkje ha
jordbærsyltetøy i frysen er høgare! :-)


I går traska eg hundeluftingsturen min nede på Fitjar og ut mot Vestbøstad. 
Der kom eg over masse og store og fine bringebær. Eg hadde berre
med meg ein hundepose men plukka flittig i den, til hundane sin
store kjedsomhet. Kvart år vert eg like forundra over at folk flest ikkje
plukkar bringebær rundt om. Desse her sto ikkje langs ein traffikert veg
ein gong. Fekk nokre smil når eg plukka, håpar det inspirerte folk! 


Bringebær i forskjellige former. Hylleblomsaft med jorbdær og bringebær, rein
bringebærsaft som ikkje er så søt (skal frysast) og kladdkaka med bringebær på gong.
Små prosjekt som er enkle å lage til, ein må berre ha lyst! 


Mjødurtsafta mi med jordbær i. Har faktisk ikkje smakt mjødurtsaft før. 
Den var god, men ganske spesiell på smak. Anbefaler å smake det, naturen
er der for å nytast på ulike vis!


Eg gjorde som bestemor, eg sette meg på ein stol (ho nytta ein krakk) og plukka
rein den vesle solbærbusken. Det vart nesten ein kilo med bær. Det mest luksuriøse
med solbær er å lage gele av dei syns eg. Og det vart ca ein halv liter solbærgele til 
slutt. 


Den store solbærgeletesten. Etter å ha kokt den inn med sukker skal ein sjekke om den
er stiv nok ved å ta ei skei på eit kaldt fat, dra ei skei over og sjå at det ikkje
renn saman att. 

Ha ein god bærsommar vidare finfolk! 
#utogplukkmeddeg
#tidåhaustainn

Svensk kladdkaka



Ikkje mykje fart i meg her, men det er fort gjort å ta turen ut på tunet,
finne nokre bringebær, røre saman ei god røre og hive ei enkel kake inn
i ovnen! Både fordi eg sjølv har lyst på og fordi grisebonden med to ungar
kjem heim i morgon! Dei har faktisk vore på ferie i over ei veke så det vert
stas å få dei heim att! Og eg veit at dei to yngre (11 + 17) elskar brownie. 
Oppskrifta fann eg på bloggen Baka med Frida, som eg har fulgt ei stund. Flink
jente det der! Litt justeringar vart det og her kjem mi oppskrift! 

Svensk kladdkaka med bringebær

3 egg
2 dl sukker (gjerne 1 dl brunt/1 dl lyst)
2 ts vaniljesukker
0,5 dl kakao
1, 5 dl sikta kveitemjøl eller spelt
100 g smør
ei lita klype salt
2-3 dl bringebær

Set ovnen på 160 grader. Kle ei form med bakepapir. Smelt smør
og avkjøl. Så er det berre å røre saman egg og sukker, deretter
det tørre og til slutt smøret. Det vert ei seig røre. Hell over i forma
og dryss over bringebæra. Trykk dei lett nedi. 
Steik kaka på 15-20 minutt alt etter korleis du likar kaka. Ei ekte 
kladdkaka skal vere fast i fisken rundt kantane og litt lett dissande
i midten. Eg vil helst ikkje ha ho for dissande og eg steikte ho littegranne
ekstra slik at ho vart bittelitt seig men ikkje klissete inni. 



Frensur måtte sjekka bakverket og det falt nok ikkje
for hans smak! 

fredag, juli 21, 2017

Årets sommar



Jau, den vart anneleis den! Fyrste sommar på lenge eg ikkje har planlagt
eit oppussingsprosjekt enten på Sæterbø eller på Eskeland. Sjølvsagt er det
ting som burde gjerast både her og der men i år har ikkje behovet lagt så sterkt
over meg. Og kanskje ikkje inspirasjonen heller. Og det var kanskje ei 
meining bak det. For formen har ikkje vore på topp. Ein kraftig 
augebtennelse, antibiotikakur og muleg noko anna tull i kroppen har sett
sine spor i denne sommaren. Det gode med det, jau, ein må alltid leite etter
det gode i det dårlege, er at eg har to herlege hundar som eg må ut på tur med,
to kattar som i lag med hundane gir action i heimen, kroppen får slappe av som 
jo ikkje alltid er sjølvsagt i alle prosjekt eg har på gong. Det dumme er at eg 
vert sabla lei av å ikkje ha energi, saknar inspirasjonen og 
kreativiteten min og kroppen vert stiv og støl av null niks yoga. 
Kva kan ein gjere? Prøøøøve å tenke positivt og håpe
at formen vert betre om ikkje så lenge! Glede seg til å vere frisk og rask, glede 
seg til å kjenne kreativiteten vekse seg fram og prosjekta bli mange att. 


Og så kan eg glede meg over desse. Dei fyrste ringblomane blømer i hagen her no.
Har sådd ringblom og blomkarse av frø og dei gir dei finaste gule, oransje og raude
fargane. 


Bringebæra er på veg. Har smakt nokre på turvegen, men her på garden
har dei ikkje modnast heilt enda. 


Fekk tak i nokre jordbær hin dagen, det har visst ikkje vore
flust av det her i vest. Og har fått satt ein balje med hylleblom- og
jordbærsaft. Årets jordbærsyltetøy ser det verre ut med førebels. 


Hin kvelden køyrde eg til sjøen og plukka fire (!) desiliter med villjordbær.
Millehunden tassa med på turen og fekk kjenne nye lukter. Burde vel kanskje
laga syltetøy av så stor porsjon, men det gjekk rett i magen med eggedosis på
gitt. 


Årets finaste sommarbukett. Til no. Masse blåklokker her i år. 
Og har oppdaga ein annan blom eg også har lagt min elsk på,
nemleg fagerperikum. Herleg med både oransj og gult i ein blom. 
Og, når ein ikkje er i beste formen, så er det å plukke blomar
eller litt bær heilt nødvendig på tur, då stoppar ein litt opp og 
gløymer korleis ein føler seg. Og så føler ein seg bittelitt betre
resten av turen! Eg lovar! 


Action i huset. Det er mange forhold som skal testast og finnast ut av. 
Er me venner, fiendar, leikekameratar eller berre plagsomme med kvarandre?




Og kven kan vel ikkje bli glad i den frøkna her. Som spring rompa av seg
ute på tur og som diggar å roe heilt ned innandørs. 

Så ja, sommaren vart ikkje heilt som den skulle, den vert jo eigentleg aldri
det. Men til tross for dårleg form så gjer ein no det beste ut av det, og så
vert det lyspunkt dagleg uansett!