tirsdag, januar 31, 2017

Sol, o heilage sol


Sol, sol, o heilage sol. Det er så godt å sjå deg. Eg kikkar ut på deg 
frå kontoret mitt og får deg rett i fleisen på sykkelen og på bilturen
heim. Eg spring inn i huset og rett ut att, eg vil berre sjå deg sol,
kjenne dine siste stråler mot ansiktet, sjå deg farge bakkane i 
gyllen farge. Og dyra mine, ja, dei er like glad i deg. Katten likar
seg ute, Buster elskar turane sine, hønsa ventar ute og vil ikkje gå 
inn for kveldsen med det første og endene sit og kikkar. Og eg
veit angusane kosar seg på beitet. 


Eg vert slik på denne tida. Særleg når regnet har herja så mykje, då vert
eit solglimt ein augneblink av lukka sjølv. Eg lengtar etter meir.


I går feira eg solnedgongen på fjellet her oppe med å stå
på hovudet, på mjukt og vått underlag, ei glede. 





Sol, sol, o heilage sol. Kanskje eg ser deg i morgon også. Akkurat 
no gleder eg meg til å sjå deg enda meir, ja, takk for at du er til! 


søndag, januar 29, 2017

Tallerkenpoesi


Eg klarte å knuse ein skatt av ein tallerken hin dagen. Ein blå Sissel til Figgjo
Flint. Eg valte å lime den att og å skrive nokre passande ord på den. 
For sjølv om den var øydelagd og knust og såra så var den framleis
like fin, like ekte og også sterk (med hjelp av litt lim). Og
det gjeld vel like godt oss menneske også. Me kan bli såra
og knuste, møte motgong og sjukdom og tap. Men me er sterke,
me er heile, me er ekte og me er flotte og skjøre på ei og same tid. 
Av og til treng me litt lim i livet berre. Hugs på det. 

Proff pasta!



Leirvik Manufaktur L. Klingsheim Stord Damekolleksjon & Herrekolleksjon
økologisk spelttagliatellepasta til tørk på Noregskartet versågod! 

Kleshengarar kan bli nytta til så mangt! Fredag heiv eg meg rundt og 
blanda ein stor pastadeig. Større enn eg har laga før. Og denne gongen
nytta eg Spesialkorn sin sikta spelt, eitt heilt kilo faktisk. Dette speltmjølet
får ein tak i på forskjellige matbutikkar i dag. Og om ein samanliknar det
med til dømes sikta kveitemjøl så er det tydeleg mørkare på farge. Og då
det er økologisk så er det behandla varare og er difor meir næringsrikt. 
Det er enkelt å lage pasta, til 100 gram mjøl treng ein berre 1 egg og bittelitt
salt, det er standardoppskrifta.  Så med 10-11 egg til denne oppskrifta så vart det 
ein stor deig pasta. Eg har skrive meir om pasta og laging av dette HER.


Eg nytta pastamaskinen til kjevle ut tynne lengder og laga tagliatelle
av mesteparten. Nokre lengder laga eg pastaflak av, til lasagne. Lasagne med
heimalaga pastaflak er heilt utruleg godt! Ein del tagliatellelengder hengte eg
opp til tørk og etter eit halvt døger var dei tørre og byrja å dette ned frå
kleshengaren til hunden sin store glede, action i stova! Resten vart tørka på
rist og tek litt lengre tid å tørke, må vendast etter nokre timar. 


Så no vert det nok nokre sunne pastamiddagar framover! 
Det ser kanskje ut til at me et alt som er heimalaga og korrekt 
og sunt og skikkeleg. Men neida, me har kjøpepasta og anna
i skuffer og skap. Men spør du meg så er det stoor forskjell på
billeg pasta (som eg må ty til på ein og annan travel dag) og 
litt dyrare italiensk pasta eller heimalaga. Den billege er tørka 
på høg varme og mykje av næringsstoffa vert då øydelagte. 
Det same gjeld jo då også fullkornspastaen, men som allikevel
er rikare på fiber enn den vanlege. Den du lagar sjølv, særleg om du
prøver deg på litt anna mjøl, er heilt klart ein favoritt for magen. 
Og om du seriøst vil prøve deg; ein pastamaskin kostar rundt 5-600 
kroner og kanskje du ikkje lagar pasta så ofte med den, men om du lagar
ein stor porsjon kvar gong så har du liggande ei stund, enten tørka
eller fryst. Eg har ikkje brukt min så mykje som eg skulle ønska, 
men eg angrar ikkje på kjøpet! Pastahelsing frå Sæterbø! 

søndag, januar 22, 2017

Æra vera spisebordet


Det var ein gong eit par. Som flytta saman. Med kvar sine ting og kvar sine hus. 
Eg har arva eit nydeleg spisebord som står i gamlahuset. Og der skal det stå.
Bonden hadde eit slitt teakbord med stygge flekkar. Som eg malte. Som ei
midlertidig løysing. Tidleg snakka me om å lage eit nytt bord saman. 
Og har diskutert mange ulike måtar å lage det på. I haust var siste idè klar. 
Eg fekk nemleg nokre eikebord i fjor vår som låg i gamleløa på Eskeland. Det var
planen å bruke dei til kjøkenøya her, men dei var for harde. Eikeborda stammar
mulegvis frå eit tre som sto på tunet ved gamlahuset før. Det er stas om det
stemmer! I tilfelle har far felt treet og teke det på saga på Litlabø,
hos bestefar eller onkelen til Sverre. Jau, så lita er verda!



Understellsdiskusjon. Ein tur på garden der det ligg ein del ting og tang 
(til både glede og irritasjon ;-) ) ga ein dag idèen om å lage understellet
av dette: gammal fjøsinnredning frå då det var mjølkekyr i gamlefloren her. 


Eikeborda vart vaska, pussa, lakka, pussa og lakka att. Eg hadde vel
 eit naivt håp om at me vart ferdige før jul men det kan eg no berre le
av no! Tidlegare har eg lysna treeverk ein del når eg har laga ting. Men denne
gongen ville eg ha fram liv og litt mørke i treet. For stova her er ganske så lys.


Blank lakk og den spesielle eikefargen. Her har det vore ein kvist. Nydeleg med eit
hol i bordet syns eg. 


Ein fridag der bonden kunne ordne understellet. Det var hans oppgåve. 
Beina måtte kappast og det måtte festast underlagt til kvar fot slik at ikkje 
røyra set merke i golvet. 


Bordbeina vart stabiliserte med to røyr som står i mellom diagonalt. 


Og eg fekk endeleg prøve meg på å sveise også! Eg har ofte ei
naiv tru på at eg skal klare mykje så eg var nesten klar for å prøve
å sveise direkte på bordet eg. Men eg fekk heldigvis noko anna å trene
meg på. Eg er visst ganske så redd for både sveiseglimt og sveiseglør.
Og ein ser jo faktisk ingenting i gjennom maska før ein byrjar å sveise, 
det er veldig forvirrande! Men eg fekk til ei fin linje til slutt og bonden 
var nøgd med meg. Godt me kan lære kvarandre ting og tang!


Traktoren er evig følgesvenn på garden. Understellet vart litt tungt og 
traktoren frakta det til huset. Bonden sveisa på to plater som me kan skru
eikeborda på.


Eit slikt bord veg ganske mykje og tynne møbelknottar var ikkje nok
meinte eg. Eg fann gode ullsolar på nærbutikken "Filialen" her og
klyppa ut passelege bitar som eg festa til bordbeina med dobbeltsidig tape. 


Genialt! 


Eikeborda var eigentleg vridde fleire av dei, etter mange år
på lagring i gamleløa. Så dei måtte festast med skrustikke og skrus fast.
Det endte med at understellet, som fyrst var beint og fint, vart litt ustabilt. 
Då måtte det justerast litt under to bein og så vart det beint og flott. 
Og bordplata ganske så flat og fin.
Og mørk og livleg. 



Understellet .





Så litt av fjøs, litt av Sæterbø, litt av Eskeland, litt av Litlabø, litt
av gamleløa og litt av gamlefloren, alt samla i eitt bord. 
Det vart ganske breitt, men det var understellet som avgjorde det. 
Samtidig så er bordet på Eskeland ganske smalt og det gjer at det
vert trangt når ein et middag på det. Her er det i alle fall plass til 
maten ja! Og eg gler meg til å kanskje ta med symaskinen ned her, jommen
er det plass til å sy! 
Og der var historia om det nyaste prosjektet til husbonden og husmusa over. 

fredag, januar 20, 2017

Knaggrekke


Jippi! Dette har eg planlagt i mange år no! Eg hadde fyrst nokre
isolatorar, som før vart brukt til telefonledning og strøm, som hang på
det gamle hønsehuset på Eskeland. Eg har brukt den eine som lysestake
og då ein kamerat var innom ein gong tipsa han om å rett og slett 
henge dei opp som klesknaggar. Og sidan då har denne idèen lagt i bakhovudet
mitt. Og fleire isolatorar har kome til. No når eg pussar opp gongen 
så var det på tide. 


Isolatorar er nydelege spør du meg. Kvite og reine i porselen. 


Eg tok turen til hogstehaugane på garden og fann meg ein ende på
ein stokk som eg saga ein bit av. Her ligg nokre av isolatorane, dei
er ulik i form og storleik. 


Så var det å bore hol i passande storleik til skruane på isolatorane. 
Godt eg har ein mann med mange borrar tilgjengeleg! 


Og så var den oppe! Og nokre jakkar på plass. 
Skikkkeleg nøgd med denne! Og endeleg fekk eg gjort 
det eg har tenkt på så lenge! 

Januarprosjekt





To-tredjedelar av årets fyrste månad har allereie reist avgårde og
det har ikkje akkurat rent inn med blogginnlegg her i garden! Men eg lev
enda og eg har sjølvsagt alltid noko på gong. Men eg brukar den tida det
treng. Og er enda ikkje ferdig, men fekk så lyst til å vise kva eg putlar på
med no! 
Eg er i gongen her. Som har brystpanel og tapet. Ikkje den verste tapeten,
faktisk ganske så julestemningaktig, men eg kjende tida var inne for å
friske den opp. Panelet hadde ein lysbrun/beige farge, ikkje ein farge i 
min palett, og det har vel plaga meg lenge. Den fekk bli kvit, for å lysne
opp den elles så mørke gongen. 


Kommoden eg fann oppe på Sæterbø har fått seg grundig vask,
har blitt behandla for mått og anna, fått seg litt lakk utanpå slik
at treverket kjem meir fram og eg har prøvd å rette den litt
opp. Denne kommoden berre diggar eg, så rein og enkel og fin!


Nymalt vegg og lister rundt døra. På grunn av lyset så ser ein nesten ikkje at det 
er kvitt, men eg merka at tapeten ovanfor kom mykje tydelegare fram med
kvitt under. 


Men eg skulle lage min eigen tapet. Eg kjøpte meg nokre kjekke brukte bøker
i fjor vår. Ein kveld brukte eg og bonden til å skjære ut alle sidene i den 
eine boka, ei skikkeleg herleg fuglebok. Og ja, den var meint til dette
formålet. Det har berre teke litt tid. Eg fekk tak i ein liter med decoupagelakk
på panduro.no og så var det berre å sette i gong. Her er sidene våte av lakken og
det ser vel eigentleg ikkje så bra ut. 


Når lakken tørkar festar arka seg fint. Eg kunne no hatt ein ekstra
lakk utanpå men eg lar det vere. Det vert ganske så lyst for ei fargeglad
jente som meg, men samtidig så er det mykje jordfargar i bileta og i
elementa rundt, og det likar eg. 


Ein eplekasse eg fann på låven her har fått hjul under og er fin skohylle. 
Ein gammal liten stol, som eg måtte sage beina rette på, har fått seg
ein vask og litt lakk og er ei lita "hylle" eller eit sete rett ved
døropninga. 


Dør open og litt dagslys inn på ein regnfull dag. Mykje fint 
treverk og ein knalloransj Luxolampe som eg fann brukt 
førre helg. 


Herleg enkel kommode med berre runda spiker som handtak. 
Fylt med vottar og broddar og refleksar og huer og anna. 


Og andre veggen i gongen. Eg har fleire veggar att å tapetsere og den gamle
tapeten heng også oppover i trappa. Tida vil vise kva eg finn på der. Den
gule fine benken min har bytta side, her heng også grønespeilet mitt
med kjettingopphenget. Og den grøne panna fann me også på stabburet på
Sæterbø. Fin som blomsterpotte! Heklateppet har eg arva, det låg i ein 
gammal gyngestol då eg var liten huska eg. 


Og ein av mine favorittdikt, ikkje det lysaste diktet, men
viktig og godt: Eg stend eg seddu av Olav H. Hauge. Eg kom over
to gamle tallerknar med nokre skår i som var gratis i bruktbutikken 
på Heiane. Eg har eit slikt frå før av på veggen i stova og likar både
mønster og fargar så godt. Så eg ville henge opp eitt til, i gongen. 




lørdag, januar 14, 2017

Vinterkvitt



Litt vinter, litt kvitt, litt kuldegrader. Det har me lengta etter! 
Det er no alltid noko me lengtar etter, noko me ikkje har, noko
me får, og så lengtar me etter noko nytt att. Om ikkje så lenge så 
lengtar me nok veldig etter denne våren med blomar og grønt gras. 
Men no, dette kvite. Ikkje heildekkande på Sæterbø enda, visne 
grastustar stikk opp og lagar mønster på bakkane. 




Buster er strålande glad for snøen. Han spring rundt, badar seg og
knaskar i seg snø. Men så heng snøen fast som store ballar på føtene
og då er det ikkje så kjekt lenger. Etter at eg flytta til Sæterbø
så har eg no tilgong til bad med varmekablar i golvet. Grei teknikk å
sette han inn der når me kjem inn og etter nokre minuttar er føtene
tint opp og han er nøgd. 


Så kjekt også å sjå sol! På denne tida er sol synonymt med
kulde, kulde gjerne synonymt med rim eller snø på bakkane og
då vert det lyst og enda lysare. Godt! Her på vestlandet er me ikkje
bortskjemd med kvite vintrar så då er det berre å kome seg ut når sola 
skin og bakkane er kvite. Og nyte det mens det varer. Kjekt for små 
og kjekt for store. Og joda, eg lengtar etter våren også altså, 
andre som gjer det også? 

mandag, januar 09, 2017

Eit grønt innlegg


Eg er kanskje kjend for det gule, og framleis må eg ha noko gult rundt
meg. Men grønfargen, den altså, den har på underleg vis snike seg inn
i livet mitt. Han dukka fyrst opp i gamlehuset men har følgd meg
til Sæterbø. Og fått fullt utløp her. Eg har kosa meg med grønt, det
er ein roleg og fin farge, ein trivselsfarge. Det gule gir energi, det grøne
roar ned. Kanskje eg treng å få roe ned her, kanskje det er det som
ligg bak. Eg har uansett leika meg litt med kamera, ikkje berre denne
telefonen, men eit ekte eit denne gongen og her kjem nokre
herlege grøne reale interiørbilete  frå stova vår! 
Grøn helsing frå Sæterbø! 

















Og grønt tyder vel også vår? Kanskje eg er sprekkferdig vårklar!