mandag, januar 09, 2017

Storfint besøk

Årets fyrste blogginnlegg og så skal det handle om ugler? 
Jau, som de veit så er eg no ganske fascinert av denne fuglen,
til tross for at eg berre har sett ei levande ei ein gong før. 
Men i helga dukka det opp ei ugle, og det rett
utanfor huset her. Ikkje var det ei kattugle heller, som er
mest vanleg på desse traktar. Fuglebøker måtte fram og me 
landa på at det nok er ei haukugle. Den var stor og flott og
svinsa hovudet rundt eine vegen og så andre vegen. 
Vips, så hadde den snudd seg på greina og sat med rumpa
mot meg, og vips så snudde den seg att. Den sat nemleg på
ei lita grein, heil innerst til stamma på ei furu. I ly av vinden. 
Eg prøvde å få fanga den på film, men det var ikkje lett.
Det var i skumringa og eg fekk det ikkje heilt til. Men eg skal
no dele dei få bileta som vart akseptable! Eg tok bilete frå
verandaen og turte ikkje å gå heilt ut, var redd for å skremme
ho heilt vekk. 







1 kommentar:

  1. Spennande besøk dette!

    Og så bra at du fekk fotografert den

    Kanskje du må bygge uglehus og tilby permanent losji?!

    Klem fra meg

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!