torsdag, februar 23, 2017

Brødkunst


Eit anna prosjekt for helga var brødbaking og snitting. Rett og slett
surdeigskunst eller brødkunst. Jommen kan ein ha det kjekt med brød,
surdeigsnerd eller ikkje. Eg fekk ekte snittekniv av Marianne frå Toten
til jul og har trent meg litt om litt på korrekt snitting. Dette er skikkeleg
gøy! Dette brødet her med valnøtter og tranebær sprakk skikkeleg opp
i snittet. Og det vart eit sabla godt brød! 




Og det kjekke med gode surdeigsbrød er at ein kan få store flotte
hol i brødskivene. Det har altså heva seg godt før og under steikninga. 
Det er stas å få til! Men ingen krise om ein ikkje får det til, brødet smakar 
godt uansett. 


Ser ikkje dette godt ut? Det vert så fint med snitting! Grunnen til 
at ein snittar brød er for å kunne kontrollere korleis ein vil at brødet sprekk opp, 
for det gjer det gjerne under steiking. Og med det så kan ein prøve seg på
ulike mønster, frå eit kryss til ein firkant og til bladmønster og blomemønster. 
Det krev gjerne litt trening og ein må ha ein veldig skarp kniv, helst like
skarpt som eit barberblad. Og legge kniven litt skeivt i det ein skjærer lett
ned i brødet. Det er også viktig å gjere dette rett før du tek brødet inn i ovnen. 



Har du enda ikkje prøvd deg på surdeigsbaking men er glad i å bake brød? 
Dette er skikkeleg gøy altså! Og enkelt! Og sjølvsagt godt! 

3 kommentarer:

  1. Så fine at man nesten ikke har råd til å skjære seg ei skive. (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette er skikkeleg gøy! Eg bakar "vanlege" surdeigsbrød også altså, i former, gode nistebrød. Men gøy å bake slike kunstverk innimellom, som også kan etast ;-)

      Slett
  2. Å steike så flotte brød!
    Gøy å sette et sånn kunstverk på bordet

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!