torsdag, februar 23, 2017

Ei helg på Eskeland


I minivinterferiemodus tok eg og Marianne frå Toten ei helg på Eskeland
med desse stikkorda i baggasjen; kos, loppis, tur, kaffi, bakst og mozzarella. 
Er ikkje ofte eg har vore innom huset så det var godt å kome attende,
fyre opp og varme opp skrotten av eit gamalt hus.
Ute bløma snøklokker og klosterklokker og langs med vegen var dei
gamle påskeliljene på veg opp. 


 På Eskeland er det ingenting som er så godt som å ta turen ut 
om morgonen, når det lysnar og sola er på veg opp. Det er så stille
og så skjørt. Sjå vindauga lyse opp huset. 




Utsikt frå nabogarden, øvre Eskeland, eller Engevik som me alltid 
har kalla det. Fantastisk flott å sjå utover. Sjå Borgundøy ligge som
ein hatt ute i sjøen. 




Vêrhanen i solskin. Synd eg ikkje får sjå den kvar dag, ein fin
skatt det der! 


Opne vindauge på kjøkenet og la den friske lufta sive inn til
kaffikoppen. 


Loppis var eit prosjekt for helga. Og me hadde oss nokre turar både til Sveio
og til Bømlo for å tråle bruktbutikkar. Eg fann denne gamle lampen her,
ein skikkeleg skatt. Den kom seg rett opp på veggen i den mørke kroken
over sofaen. Og fekk selskap av bilete i grønt og blått. 


Far sine pressa blomar. Heng på ein vegg der dei ikkje sol på seg. 


Dei fine tallerknane som pryda veggen før er no på
veggen på Sæterbø. Så då var det fritt fram for å leite opp
nye fine tallerknar til veggen i stova. Og eg fann nokre skikkeleg
fine nokre, den finaste er nok den i midten i blått. Ein "jultallrik" frå
1974 frå Gustavberg, i begrensa opplag. Heilt som ny. 


Vakkert i blått. Tallerknar og andre runde former gjer seg godt på veggen
syns eg! 

1 kommentar:

  1. Høres ut for at det har vært ei super helg på "hyttå"
    Viktig med sånne små vitamininnsprøytninger innimellom

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!