torsdag, februar 23, 2017

Ei lita musehistorie


Eg legg dette innlegget inn i kategorien "Fine dyr" eg. For det
er jo det, mus altså. Eg og Marianne hadde oss ei spennande
musehelg me. For etter at eg har flytta ut frå gamlahuset så har
musa funne sin heim. Joda, det har vore mus der før også, den
klarar å kome seg inn. Men no merka den vel at den var heilt 
åleine og den hadde klart å bite seg igjennom ein vegg inni
eit kneskap/bod og kom seg ut gjennom døra der. Ho har, som
sagt tidlegare, ete opp julepynt (hekladukar avstiva med sukkerlake)
og har farta rundt om og lagt frå seg små muselortar som 
bevismateriale. Kjøkenet, som har hatt lukka dører, har
ho ikkje nådd inn til. Men då me surra litt rundt på kammerset så
hoppa det plutseleg ei mus over hånda mi og eg hoppa til, Marianne
hoppa opp på ein stol på kjøkenet og det vart ein ganske så intenst
morosam seanse. Og så var jakta i gong. Den vesle musa hadde nok
lagt seg til rette for familieauke i ei skål med fyrstikker som ho
hadde "kvista" opp til ei flott seng. Eg jakta rundt og rundt etter
musa Og til slutt fekk eg tatt ho. Og me kikka trist og forskrekka på
ho i boksen og måtte sjølvsagt ta eit bilete og to. 
For til tross for at ho er husskadeleg så var ho jo så utruleg skjønn! 
Søt som ei tam mus, som ein hamster, som ei kanin. Så søt å kikke på. 
Og vips så hadde ho hoppa ut av boksen og gøymd seg. 


Eit morosamt bilete, til advarsel. Aldri gjer dette heime 
(ta av loket altså) !!


 Men Marianne var lur. Ho la ut ein liten brødbit av surdeigsbrød
av ypperste kvalitet, sjølvsagt med ekte setersmør på. Og då ho
meinte musa også kanskje ville bli tørst så sette ho også ut
eit lite glas med fersk kumjølk frå flotte Fitjarkyr. 
Kunne musa be om noko betre? Neppe. 
Så var me stadig inne på kammerset og kikka. Såg på
eventuelle rømningsmulegheitar for musa og kryssa fingrar
og tær for at ho ville finne vegen attende til køya si. 
Og rett før leggetid, eit døger etterpå, kikka Marianne inn ein siste gong
og observerte musa på golvet. Så var kampen i gong på ny. 
Eg i nattkjole med våpen i form av ein tom boks i handa - igjen. 
Og etter nokre rundar og flytting av frysen i hytt og pine så
klarte eg å ta ho til slutt! Fin og søt denne gongen også. Men vegen
var no kort til musehimmelen, der ho er den dag i dag. 
Og med det, kjære dykk andre mus i gamlahuset, neste gong 
er det dykk som er i fare!!


6 kommentarer:

  1. Ah, flashbacks, flashbacks. (",) Det var en vinter vi sendte atskillige mus til himmelen her også. Usj og usj. Mus er finest på avstand - lang avstand.

    SvarSlett
    Svar
    1. Huff ja. Eg trur mus i feller er noko anna. Men å fange dei levande er ikkje like lett, å ta livet av dei etterpå liksom. Me var inne på ideen å bære den langt vekk, men det var mørkt og det regna og den ville jo kanskje komme tilbake. Hihi, så godt den er vekke no!

      Slett
  2. Så fin seng hu hadde rigga seg til med!
    Nei mus skal være ute, godt du fikk tak i hu
    Men tror eg hadde valgt å bære hu til skogs..
    Men surdeigsbrød som musefelle,at er notert

    SvarSlett
    Svar
    1. Surdeigsbrød funkar for alt! ;-)

      Slett
  3. Nei nå måtte jeg flire høyt! Var akkurat som å gjenoppleve hele musejakta på nytt! Godt vi fikk tak på den til slutt, selv om det var litt trist å måtte sende den opp til himmels. Og jau, håper dette var den siste som våget seg inn på kammerset---!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, dette skulle me nesten ha skrive ei lita barnebok om. Musa som hadde lagt seg til på kammerset ;-)

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!