fredag, februar 10, 2017

Kalvespionasje II



Eg må berre dele nokre bilete til. 
Fordi det har vore ei klår og fin veke. 
Det har vore kaldt og det har vore sol.
Og det har ikkje vore flust av det denne vinteren.
Min favorittaktivitet i det siste har vore å kle meg godt,
ta turen ut med kamera med makrolinse. 
Enten stå utanfor gjerdet eller lure meg inn. 
Vente til at dei kanskje aksepterer meg og kjenne
at det er godt. Å vere ein av dei. 
Fyrst nysgjerrige blikk og øyrer i røyrsle. 
Og så putlar dei på vidare med det dei 
heldt på med. Og kva held dei på med? 
Dei beitar og kikkar, steller kvarandre, helsar
på kvarandre. Står og går. Eit så roleg liv. 


Og så står eg der, eller sit på bakken. Kjenner lukta
av frosen jord under meg. Og ser sola går ned og 
mørket byrjar å lure. Og eg tek bilete og kosar meg. 
I roen som berre kan vere her. 


I dag fekk to kalvar servert sin middag framfor meg. Mens mødrene 
kikka og lurte på meg. Og så spankulerte dei rundt litt
etterpå. Kalvane med mjølkebart. Sjarmerande og herleg. 


Og hin dagen. Ein skikkeleg fint augeblink. 
Mor og årets kalv. Og så kom fjorårets kalv. 
Like viktig som den nye. Fekk sin dose kos og
stell den også. Ein liten familie. 
Og slikt er sjeldan å sjå tenker eg. 
Så heldig eg var. 





Så godt å ha dyr rundt seg. Til og med når eg ikkje
kan gå bort å kose med dei ein gong. Dei er så flotte desse
angusane. Så svarte og staselege. Og på mine turar,
etter å ha teke nokre bilete, og etterkvart kjenne at
rompa frys til is, eller fingrane byrjar å bli stive, så
vender eg nasa heimover. Og har hatt ei fin oppleving
og fine bilete å sjå på etterpå. 
God helg! 


2 kommentarer:

  1. Svære dyr, jeg tror jeg hadde stått ganske langt unna de første gangene. (",)

    SvarSlett
  2. Flotte dyr og fantastisk at de greier seg sjøl!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!