søndag, februar 05, 2017

Kalvespionasje


På denne tida her ventar fleire anguskyr kalvar. Og sjølv
om eg fekk kome nært på kyra i fjor sommar så har dei gått
mykje for seg sjølv i haust og vinter slik at dei er litt 
redde for andre enn traktor med silo og bonden sjølv. 
Ikkje lett er det å snike seg innpå heller, og det skal ein også
vere forsiktig med, særleg med kyr som har fått kalv. 
Men i dag kunne me sjå ein kalv som sprang rundt om kring
på beite, heime frå middagsbordet. Og eg sprang ut med kamera
rundt halsen og haldt meg på den andre sida av det høge 
gjerdet. 


Eg er usikker på kor mange kalvar det har kome no, men det har blitt nokre
få i løpet av dei siste vekene. Denne kalven her, som etter å ha sprunge sine
rundar må slukke tørsten, er nok ein av dei første som er fødde. 


Det er fascinerande å sjå korleis andre kyr må bort og lukte på han mens han
står der og drikk. Dei er nyfikne desse kyra og dei held i lag i flokken og passar
på kvarandre. Når ein kalv har kome til verda så kan ein gjerne høyre
mykje rauting nede på beitet også. Siste nytt spres rundt kanskje. 


Kolsvarte dyr som nesten vert blå i ettermiddagslyset. 


Mødrene likar ikkje at kalvane spring rundt og ikkje alltid
er nær dei. Og at dei ikkje kjem med ein gong dei ropar på
dei. Som mødre flest kanskje. 


Ein fin-fin krabat. Svart som natta og blank i den våte
pelsen. 


Ein liten runde til før mor kallar på meg. 


Eg kom til slutt også over denne kalven. Den har eg ikkje sett før. Me
har frå før av ein brun fjorårskalv, det har blanda seg inn ei anna
rase tidlegare. Så nokre kalvar vert brune og er då eigentleg ikkje 100%
reinrasa angus trur eg. Denne mora tok kalven med seg ganske raskt 
innover i skogen. Spennande tid dette her! Og tenk at dei kalvar ute på
vintersdagen og kalven ligg ute med mor og klarar seg berre fint! Det er flott det! 

3 kommentarer:

  1. Greier dei seg ute heile året? Sjølv med mykje snø? (Skjønar at dei får silo).
    Mvh. IA

    SvarSlett
    Svar
    1. Det gjer dei. Ikkje så ofte det er mykje snø her heller. Dei har mulegheit til å gå inn under tak i nokre store hallar som står på beitet. Der vert det strødd slik at dei kan gå tørt på dagar med mykje regn og snø.

      Slett
  2. Det er helt utrolig hvordan naturen er bygd opp for å klare seg sjøl. Tenk å stå på beina bare minutter etter at du blei født, f.eks.

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!