søndag, februar 26, 2017

Nøtt-i-lisj-i-øss


Eg har fått meg ein ny favorittserie på TV. Sjølvsagt svensk og sjølvsagt
handlar den også om mat. Mandelmanns gård. Ein serie om ein herleg mann
 og ei herleg dame som flytta frå storbyen til ein gard for tjue år sidan og lev
der i pakt med årstidene, med naturen, med innhausting og dyrking og dyr og
glede. Som eg kunne ha levd sjølv i draumen. Dei dyrkar alt økologisk og prøver
å nytte alt på ulike måtar. Me får følge dei 
gjennom årstidene med alle deira store og små prosjekt. 
Serien går på svensk tv4 på torsdagar for dei som
er nysgjerrige! På garden sin har dei hasseltre men også valnøttre og
mandeltre! Og her er ei oppskrift på kva dei til dømes bruker sine
innhausta hasselnøtter til. Ein herleg nøttekrem, langt frå nugatti og nutella
heldigvis, og skikkeleg sterk nøttesmak! Ikkje så fælt usunn er den heller.


Eit glas nøttekrempålegg

2 dl hasselnøtter
50 g sjokolade 70% kakao
2 ss honning
ei klype salt
litt rapsolje

Rist nøttene på 175 grader i åtte minutt. Ta dei ut og gni av mest muleg
skal i eit kjøkenhandkle. Kjør nøttene i ein foodprossesor til ei jamn masse. 
Ha på sjokolade i bitar og kjør jevnt igjen. Sjokoladen vil no smelte. 
Ta så på salt og honning og kjør litt til. Til slutt har du i litt olje slik at
kremen vert mjuk. Ha på glas og oppbevar i kjøleskapet. Nyt på brødskiva
eller rett og slett frå ei spiseskei!


For fleire oppskrifter frå Mandelmann sjå HER

6 kommentarer:

  1. Du er også god på å ta vare på de gamle tradisjonene. Fortsett med det og glad for at du inspirer andre:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg håpar eg er god på det eg også! Men skulle gjerne ha gjort enda meir! Kanskje det vert meir i framtida! Takk for fine ord Brit :-)

      Slett
  2. Herlig, takk for oppskrift!
    Må jo smake helt fantastisk på surdeigsbrød!
    Ser ut for at denne oppskrifta kan passe i mitt nåværende matregime
    Må kjøpe hasselnøtter i dag

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at eg traff der! Ein sunnare variant til sjokoladepålegg, men ein kan jo fort usunne den opp med sukker og mjølkesjokolade også! Ein annan gong ;-)

      Slett
  3. Skal tro hvor lenge det holder seg? Eller - kanskje det ikke er noe problem siden det er så godt. (",)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur den kan halde seg lenge! Med honning som søtning. Har min i kjøleskapet enda! Veit andre typar med meir sukker og lys sjokolade har dårlegare holdbarhet. Skal du lage?

      Slett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!